Sport | 26. nov. 2015

Laurdag kan du sjå karate-NM i Oshallen

Når Os Karateklubb arrangerer NM på heimebane for første gong blir det gratis å koma inn. – Sjølv stiller vi med fire lag, fortel sensei Cato Bruarøy.

Laurdag kan du sjå karate-NM i Oshallen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2015 11:18

Laurdag er det norgesmesterskap i karate i Os for aller første gong.

– Vi er no bestemt at det blir gratis inngang for alle som vil sjå på stevnet i Oshallen, seier hovudinstruktør i WIKF Norway, som Os er del av, sensei Cato Bruarøy.

Karate er ein teknisk kampsport med høgt tempo og kontrollerte teknikkar. I videoen over får du eit inntrykk av kva som ventar deg som publikum, i denne linken (YouTube) er det ein video som forklarer kva som gjev poeng og straff.

Kata, lag-NM og noregscup

NM startar klokka 11 med lagkata fram til klokka 12.

– I lagkata skal tre utøvarar på same lag gå kata, eit mønster av teknikkar mot tenkt motstand, synkront, forklarer Bruarøy.

Gode døme ser du i denne videoen (YouTube).

Frå klokka 12 er det lag-NM, der éin og éin frå kvart lag går mot kvarandre og laga med flest sigrar går vidare.

Dagen blir avslutta med individuell noregscup, stemnet blir avslutta seinast klokka 17.

Fire lag frå Os

I lag-NM stiller arrangørklubben med fire lag.

Førstelaget i seniorklassen består av Henrik Reed-Larsen, som er regjerande noregsmeister i tungvektsklassen, og Åsmund Slettevold, som har vore rangert blant verdas fire beste utøvarar i junior mellomvekt.

Vidare er franske Nicolas Cronard og svenske Fredrik Valo på laget.

– Dei har trent med oss i 10 år. Fredrik var 7 år på det svenske landslaget, mens Nico var ein av verdas beste utøvarar då han konkurrerte i Frankrike, fortel Cato.

Os stiller òg med eit «veteranlag». På dette laget er Oddbjørn Aspenes, som nyleg gjorde comeback og tok sølv i Wado-EM, Trond Blomberg og Dan Sander Soltwedel.

Fire av dei unge talenta skal også væra med. Armin Palislamovic, med NM-finale tre år på rad (seinast i oktober i år), får med seg NM-debutantane Sondre Kvamsdal, Benjamin Askvik Midtbø og Tobias Hagen Røttingen.

Dugnad og oppvising

– Dette stemnet er ein stor dugnadsjobb av medlemmar med foreldre. Allereie før stemnestart er det lagt ned mange timar med planlegging, vasking av matter og transport av utstyr, fortel Bruarøy, som sjølv skal ha ei oppvising under NM.

Det er første gong på 15 år at han har oppvising saman med Trond Blomberg. Dei to osingane har begge trent karate i over 30 år.

Lager sjølvforsvarskurs

Bruarøy og resten av klubben ser fram til å arrangera NM, og skal tilbake i Oshallen allereie om to veker.

Då er det gradering, i tillegg blir det halde eit sjølvforsvarskurs som er ope for alle.

– Kurset varer i tre timar og passar godt for dei som ikkje har trent kampsport før, men som vil ha ei rask innføring i generelt sjølvforsvar, seier Cato Bruarøy, to dagar før NM.

Midtsiden samleside: Kampsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.