Lokal | 04. mai 2014
Laus kalv skapte kluss
Politiet rykte ut med tau og skjold då ein kalv sprang rundt på E39. Nokre Midtsiden-lesarar reagerer på kadaveret som blei liggande igjen ved vegen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. mai 2014 07:28
Laurdag i 12-tida sprang ein kalv laus på E39 ved Hetleflåten, mellom Skogen på Nygard.
– Politiet hadde tre mann i sving med skjold og tau og prøvde å fanga den, fortel eit vitne til Midtsiden.
Kva som skjedde med kalven er uvisst, men i etterkant fekk Midtsiden fleire meldingar på eit daudt dyr i same område.
– Dyret låg på sida og innvollane låg utover graset, lett synleg frå vegen.
– Det er uakseptabelt at eit så makabert syn blir liggande på denne måten, meiner innsendar.
Då Midtsiden kom forbi i 14-tida var dyret fjerna.