Lokal | 04. nov. 2016

Legg skeisebane i sentrum

I hele desember blir der skeisebane på Telthusplassen. Opninga står Sverre Lunde Pedersen for laurdag 26. november.

Legg skeisebane i sentrum
Kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh gler seg til å legga den kunstige skeiseisen på Telthusplassen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 04. nov. 2016 14:23

Ein vill idè rundt kaffikoppen blir no ein realitet. I heile desember blir det ei skeisebane på 5 x 7 meter på Telthusplassen.

– Kan dei gjera det på Karl Johan i Oslo, så må vi jo kunne få det til på Osøyro også.

– Skeisebana er av plast og blir plassert på treplattingen på Telthusplassen, fortel kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.

For ungar

Skeisebanen ligg allereie klar på pall og består av element på omlag ein halv kvadratmeter kvar seg. Desse blir satt saman til ei heil flate på omlag 35 kvadratmeter.

– Dette blir for dei minste ungane. Vi kjem til å skjerma den med vant, slik at ingen fell ut i Baronselva. Opingstidene på banen kjem til å følgje butikkene sine opningstider i heile desember.

Storstilt opning

Osablod Grønvigh er nøgd med å ha fått med seg skeisestjerna Sverre Lunde Pedersen til å opne banen.

– Opninga blir laurdag 26. november, dagen etter fakkelfredagen. Sverre sa ja med ein gong vi spurte om han kunne tenkje seg å opna den, så rett etter trening, klokka 12, kjem han for å ta dei første skeisetaka på banen.

– Her blir det berre for foreldre og besteforeldre å ta med seg ungane og skeisene ned i sentrum å teste banen. Ein kan bruke heilt vanlege skeiser på banen, avsluttar kulturkonsulenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.