Lokal | 06. okt. 2012

Legg Viknes-turné innom Os

Medan andre halar båtsesongen på land reiser Christer Midthun på vestlandsturné med Viknes og Skilsø. Søndag kjem han til Os hamn.

Legg Viknes-turné innom Os
Christer Midthun stiller ut med Viknes og Skilsø i Os søndag. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. okt. 2012 09:47

– Vi har satsa i motvind og vi er framleis norsk, noko vi har plan om å halda fram med, seier marknadssjef Christer Midthun.

Viknes Båt og Service AS hadde ein liten nedgang frå 2010 til 2011 og ligg i år an til å hamna å 2011-nivå med ein omsetnad på mellom 120 og 130 millionar kroner.

– Sjølv om båtmarknaden genrelt har vore svak dei siste åra så har vi satsa på nye modellar. Viknes 930 blei veldig godt mottatt og fekk terningkast 6 hos fleire båtmagasin. Den har vi naturlegvis med til Os saman med tre andre Viknes- og Skilsø-modellar.

Minimesse i Os hamn

Midthun har denne veka tatt dei fire bestseljarane med seg på utstilling i Rosendal, Leirvik og Bekkjarvik. Søndag formiddag stiller han ut i Os hamn.

– Det er mange som tenkjer båt året rundt og søndagen bør vera ein fin dag for ein spasertur i den fine hamna i Os til ei minimesse på kaien, meiner han.

Vi hadde en liten nedgang i omsetning fra 2010 - 2011. Det året gikk ca i null. I år ligger vi an til å komme på nivå med 2011. Ca 120 -130mill.

Kjøpte Skilsø

I fjor kjøpte Viknes rettigheitene og formene til Skilsø og har her kome med to nye modellar, Skilsø 33 Sport og Skilsø 39.

– Begge båtane er det gjort store forbetringar på og vi har 39-fotaren med til Os, fortel Midthun.

Norsk båt for proffmarknaden

Viknes bygger båtane sine i Bakarvågen på Askøy og har ikkje plan om å flytta produksjonen utanlands.

– Saman med det at vi bygger båtar for kommersiell drift, båtar godkjent for kran, for fiske og for passasjertrafikk er den norske produksjonen, og det vi lærer av kundar som Forsvaret, Bergen Havnevesen og fiskarar med på å sikra kvalitetar som også kjem fritidsbåt-brukarar til gode.

– Med vinterlagring, service og verkstad har vi dessutan fleire bein å stå på. Viknes Båt og Service har vore Noregs største båtbyggar i fleire år no og sånn ser det ut til å bli i framtida òg, seier Midthun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.