Sport | 09. feb. 2017

Leia lenge

Sverre Lunde Pedersen gjekk sitt beste løp for sesongen og inn til leiing på 5000 meteren under VM enkeltdistanser, men det heldt ikkje heilt inn.

Leia lenge
Sverre Lunde Pedersen gjekk i følgje NRK sine kommentatorar sitt beste løp for sesongen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 09. feb. 2017 11:27

Sverre Lunde Pedersen går denne helga VM i enkeltdistanser i Sør-Korea.

– Målet er medalje. Sjansen er nok størst på lagtempoen, deretter 5000 meteren og så 1500 meteren, sa Sverre til Midtsiden før meisterskapet.

På 5000 meteren torsdag gjekk Sverre i fjerde par med Shane Williamson frå Japan. Sverre gjekk ein god 5000 meter med tida 6.15.77 og gjekk i leiing. Ei leiing som heldt til Peter Michael kom i åttande par. Michael gjekk inn på 6.11.67 og drog med seg parkamerat Douwe de Vries frå Nederland inn på plassen før Sverre.

Truleg den beste 5000 meter nokonsinne

I paret etter, kom skøytekongen Sven Kramer frå Nederland. Han feide all tvil til side.

– Dette er truleg den beste 5000 meteren som er gått nokon sinne. Dette er ei lavlandsbane berre ein meter over havet. Han slår knockout på alle dei andre. Det skal ikkje vera mogleg å gå så fort, kommenterte NRK-kommentator Carl Andreas Wold om løpet til Kramer på 6.06.82. Parkamerat Jorrit Bergsma, også han frå Nederland, gjekk inn til 6.09.33.

I siste par sneik Ted-Jan Bloemen frå Kanada seg inn foran Sverre og skauv han ned til sjette plass på 5000 meteren.

– Det var ikkje godt nok for å vinne, men det er godt nok til å prestere på lagtempoen. Dette var Sverre Lunde Pedersen sitt beste skøyteløp for sesongen, meinte kommentatorane som har tru på norsk siger på lagtempoen fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.