Lokal | 06. apr. 2010

Leiar NM med god margin

Med store og sjeldne fangstar leiar Team Bjørnefjorden suverent lag-NM i fiske i saltvatn.

Leiar NM med god margin
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2010 19:25

Bildeserie:

1 av 5

- Andre lag har gjerne deltakarar frå både Nord-Noreg og Vestlandet, og har då fordel av både å fiska stor torsk i nord og flatfisk her sør. Vi er tre vestlendingar som til no omtrent utelukkande har fiska i Bjørnefjorden, Fusafjorden og Samnangerfjorden, seier Truls Marceliussen.

Saman med Frode Øijordsbakken og Torry Brakstad deltar han i NM i saltvassfiske for lag, og Team Bjørnefjorden leiar med med god margin dryge tre månadar ut i konkurransen, som varar ut året. Truls og Torry er dessutan på 1. og 2. plass individuelt.

Nokre store - nokre sjeldne
I konkurransen kan kvar deltakar melda inn fangst av ulik art, sjølvsagt fiska med stang. Dei to tyngste fiskane av kvar art, frå kvar deltakar, gjev poeng ut frå kva plass på lista dei hamnar.

- Vi har fått nokre store fiskar, som ei lange på 16,8 kilo, ei brosme på 8,2 kilo og ei blålange på 4,1 kilo. Men det er nok mangfaldet som gjer at vi har 161 poeng, 46 poeng meir enn Team Sluk på 2. plass.

Medan Team Sluk har tatt dei fem tyngste torskane, dei to tyngste på 18 og 17,5 kilo, har Team Bjørnefjorden den tyngste av både lange, blålange, brosme og dei meir sjeldne lysing, lusuer, hågjel, havmus og blåkjeft.

Går for botnfisk
Truls trur mykje fisking og god kjennskap til nærområda er årsaka til at det har gått så bra til no.

- Eg er ofte på fjorden når eg er heime frå Nordsjøen og vi fiskar minst fire dagar i veka.

Etter å blant anna å ha fiska havmus medan den var oppe på grunna frå normaldjupne på 400 til 1000 meter går Team Bjørnefjorden no for å få opp annan type fisk.

- No skal det fiskast flatfisk, seier Truls.

NM bli arrangert av AvKroken Fiske, som ifølgje eigne nettsider har copyright på fem ulike NM-titlar. På storfisker.no kan du lesa meir om konkurransen og sjå liste over all innmeldt fangst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.