Kultur | 29. apr. 2011

Leiarskifte på Irish Cat

I kveld har Ole Christian Garmanni sin siste dag på Irish Cat. Patrick de Castro tar over som dagleg leiar.

Leiarskifte på Irish Cat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2011 08:43

Ole Christian Garmanni hadde fem år bak seg som barsjef på Sin i Bergen (tidlegare Champions) då han hausten 2010 kom til Os for å bli dagleg leiar på nattklubben Irish Cat, som opna 17. desember i fjor.

I dag har han sin siste dag bak baren i Os.

– Irish Cat har fått ein god start og eg har hatt ei veldig fin tid her på Os, men no ventar nytt oppdrag for Espen Risti i Bergen, fortel Garmanni.

Risti, som eig Sin i Bergen, eigde nedlagt Opus Café og Bar og er deleigar i Irish Cat, opnar ny uteplass ved sida av tidlegare Torget Music Pub i juni. Her vil han ha Garmanni med seg.

Opus-veteran overtar

Leiarstillinga på Irish Cat er det Patrick de Castro som overtar. Patrick har lang erfaring frå utelivsbransjen i Os, først som bartendar for Opus frå den gong Gudmund Fløysand eigde nattklubben og så på Irish Cat.

– Kva opplever du er den største forskjellen på Opus og Irish Cat?

– Eigarane har klart det dei håpa på, å få fleire vaksne gjestar og gjestar som oppfører seg betre. Interiøret og stilen har nok innverknad, dei få tilfella av bråk vi har hatt har nesten alle vore utandørs rundt eller etter stenging.

– Men er framleis festleg! Forskjellen er vel også at Irish Cat har betre plass til full aktivitet på dansegolvet samstundes som vi har to barar og plassar der det går an å sitja å prata.

Levande vinter, livleg sommar

Irish Cat hadde som ambisjon å ha LIVE-musikk kvar fredag og laurdag. Trass i at lågsesongen frå januar til mars venta på den nyopna nattklubben har dei halde seg til planen gjennom vinteren.

– Det har vore 2-3 gongar der musikarar på kort varsel ikkje har kunna stilla, elles har vi hatt stabil og god quiz kvar torsdag og levande musikk begge dagane i helgene. Starten har vore betre enn venta og eg trur LIVE-musikken har vore viktig for oss, seier Garmanni.

– Vi kjem til å halda fram med god musikk i helgene, men etter ønskje frå fleire av våre yngre gjestar kjem vi til å spe på med DJ, annankvar fredag framover, seier nyesjefen.

Patrick de Castro ser fram til høgsesong, sommar, haust og ny jul.

– Både jula og påsken var heilt super, no blir det spennande å sjå korleis den første sommaren til Irish Cat blir, seier de Castro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.