Sport | 06. aug. 2011

Leier NM etter ny topprunde

Golf-NM: Solveig Helgesen leiar med to slag før finalerunda sundag.

Leier NM etter ny topprunde
Andris Hamrelørdag 06. aug. 2011 19:35

Då Midtsiden.no var i kontakt med Solveig Helgesen etter den strålende første runden torsdag var ho oppteken av at ho måtte finna på noko anna å tenke på en golf sia ho ikkje skulle gå ut før klokka 15 fredag.

Vèrgudane ville det annerleis, noko som gjorde at ho fekk ennå eit døgn med venting. Fredagens runde blei nemleg avlyst grunna mykje og kraftig regn med påfølgande overvatn og umoglege speleforhold på NM-bana til Bjaavann golfklubb.

- Forholda i dag var gode, men det var eindel vind, fortel Solveig Helgesen.

SISTE: Sundag morgon fekk Midtsiden.no melding frå Solveig kor ho fortalte at starten er utsatt til klokka 11 på grunn av kraftig regn i Kristiansand.

- Då blir det tatt ei avgjersle om det blir spel i dag. No reiser vi attende til hotellet for å slappe av, skriv Solveig i meldinga.

Tung start

Då Solveig gjekk ut på laurdagens runde fekk ho ein trå start med bogey, dobbel-bogey og bogey på dei tre første hola (eitt og to slag meir en holets par).

- Eg følte ikkje at eg slo dårlege slag på dei første hola.

- Det var noko meir feil kølleval og litt for mykje adrenalin i kroppen, smilar ei sliten Solveig Helgesen.

Kjempa seg inn att

Etter den litt trege starten spelte golftalente frå Bjørnefjorden seg meisterleg opp med birdie (eitt slag under holets par) på hol 5 og 6. Dei 12 siste hola gjekk ho på par med birdie på hol 16 og bogey på hol 18.

- Det var veldig deilig å kjempe seg tilbake og artig å sjå at ledelsen fortsatt sto.

Dermed enda ho runda 2 over par (74 slag) og leiier framleis NM med 2 slag framfor Marthe Wold frå Stavanger og regjerande noregsmeister Jeanette Engzelius frå Oslo.

Marthe Wold var den eineste av konkurrentane som spelte betre enn Solveig på laurdagens runde då ho gjekk på +1 (73 slag).

- Blir spennande

Dei tre jentene i leiinga går sundag saman ut som siste dameball under finalerunda.

- Det blir utroleg spennande i morgon, kanskje litt for spennande.

- Eg kjenner at eg er ganske utmatta no, så no handlar det om å få lada batteria og å finne roen, avsluttar ei strålande nøgd Solveig Helgesen.

Gutta ute

I herreklassa har Bjørnefjorden Golfklubb hatt med Alexander Heggland og Anders Engelsen. For å kome med på finalerunden var dei nødt til å kome blant dei 50 beste herrane. Den so kalla cuten gjekk på +19 slag.

Alexander Heggland enda etter dei to spelte rundene på +20, eitt fattig slag unna finalerunda.

Heller ikkje Anders Engelsen klarte cuten sidan han enda på +32. Dei to må i staden belaga seg på å heie på lagvenninna i hennar kamp om NM-gullet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.