Leif Aase til Os
Fredag inviterer Irish Cat til country-kveld med Leif Aase frå Vassendgutane. – Folk har etterlyst meir country, så eg er spent på oppslutninga, seier Bjarte Andersen.

Bjarte Andersen, som tok over Irish Cat i februar, har fått fleire forespurnader om ikkje han kunne ta inn ein country-artist til å underhalda.
– Eg fann jo ut at eg måtte ta folk på ordet og få til ein country-kveld.
– No er eg berre spent på om interessa er så stor som det har blitt hevda, fortel Andersen som håper på stor stemning og full brakke fredag.
Via ein kamerat
Den populære country-artisten Leif Aase, kjend frå Vassendgutane, fekk Bjarte Andersen nyss i frå ein kamerat.
– Ein kamerat av meg kjenner han og formidla kontakt.
– Vi har avtalt at han skal spele tre sett på omlag 45 minutt.
– Eg trur han kan gjera suksess på Os, og gler meg stort, avsluttar Andersen.