Lokal | 30. juni 2020

Leiger ut oselvar nesten kvar dag

– Kjekt å sjå at båtane blir brukte!

Leiger ut oselvar nesten kvar dag
Tre oselvarar ligg klare for utleige, og har vore utpå nesten kvar dag den siste tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. juni 2020 08:41

I starten av juni fortalde Bjørnafjorden kommune om utleige av oselvarar denne sommaren.

– Vi har hatt utleige tidlegare òg, til både medlemmar av Oselvarlaget og andre, men ikkje annonsert som no, seier ein av dei to kontaktpersonane for utleige, John Lepsøy.

Responsen har vore god, 15-20 personar har leigd oselvar til no, i tillegg til ei gruppe på 15-20 lærarar på avslutting før ferien.

– No når vêret har vore fint har vi hatt utleige nesten kvar dag, fortel John.

Ulike kundegrupper

Typiske kundar er ektepar som tar ein rotur saman, men òg nokre som tar med ungane for å ro.

– Tidlegare år har vi hatt ein del innvandrarar som vil utpå for å fiska. Dei saknar eg, men dei har gjerne skaffa seg båt sjølv. Ein del av dei spurde om motorbåt, og var ikkje så erfarne med å ro.

– Men det er uansett kjekt å sjå båtane i bruk, når vi først har dei liggande her og driv og ausar på dei.

John er pensjonist og bur i Vindu mot Fjorden, så nær hamna du kan koma.

– Er eg eit ærend så legg eg nokre båtar klare, med redningsvestar og årer, i tilfelle nokon ringer og vil utpå med det same.

Korte og lange turar

Oselvarnaustet har rikeleg med redningsvestar liggande for utlån, men du kan sjølvsagt stilla med din eigen, om du har ein favoritt. Utleige gjeld for ein heil dag.

– Veit du kor lange turar folk tar?

– Nokre vil berre utpå sjøen litt, og ror for eksempel til Kuvågen, Lekvenvågen eller forbi Solstrand til Moldafjøra. Andre tar lengre turar, han eine rodde til Øyane og tilbake, fortel John, som sjølv er mykje ute og ror.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.