Leikte seg med tabelltoaren
Os klatra frå 5. til 3. plass etter storspel mot Stord.
Stord hadde berre to tap før dagens kamp mot Os, som fleire gongar leia med 5-6 mål, men i periodar gjorde det svært spennande.
Borte i haust tapte Os heile 33-17 for Stord.
– Det er mange som er gode i dag, dette er eg veldig nøgd med, seier Os-trenar Trond Førde Eriksen etter jubelscenar av jentene etter kampslutt.
Line Hjelle Berentsen, Elise Hjelle og Emilie Halhjem skåra til saman heile 21 mål.
– Også dei unge sto fram i dag, seier Trond, og trekk fram blant andre Liv Pauline Lunde og Bente Mjanger.
Bente spelte heile kampen, sto godt i forsvar og skåra to mål. Liv Pauline fekk spela dei siste 12 minutta og skåra tre av dei siste seks måla til Os.
Os - Stord 30-26 (14-9)
Os: Vibeke Ingrebrigtsen, Line Hjelle Berentsen 8, Emile Halhjem 7, Elise Hjelle 6 (3 av dei på straffe), Liv Pauline Lunde 3, Bente Mjanger 2, Tonje H. Rykkel 2, Thiet Dang 1, Gry Nummedal 1 og Mia Torp Nielsen.
Os missa i første angrep, men 0-1 var einaste gong gjestane leia.
Heimelaget gjekk frå 7-4 til 10-4 etter halvspelt førsteomgang, men så kom 10 (!) minutt utan skåring.
Bursdagsbarnet fekk det til å lausna
Med godt forsvars- og keeperarbeid blei det få mål også til gjestane, på 10-6 var det Bente Mjanger, som har bursdag i dag, som skifta ut stolpeskot med skåring.
Før dette hadde Os skapt mange, men òg missa på fleire kontringar.
Men så gjekk heimelaget opp i 12-6 og leia 14-9 til pause.
Hindra Line
Os heldt fram med den fine rytmen i andre omgang og gjekk opp i 20-14-leiing.
Men så fekk toppskårar Line frimerke på seg, og dette tok det litt tid før Os løyste.
– Vi snakka om det i pausen, at dette kunne skje, og eg synest vi stressa for mykje ei stund.
Stord lykkast med strategien og kom hakk i hel, det sto 20-19 og 21-20 etter 18-20 minutt ut i 2. omgang.
Men med litt rokkeringar, blant anna ved å henta venstreving Elise, som var toppskårar i begge bortekampane på Austlandet tidlegare i år, inn som playmaker på midten, fekk Os sving på det igjen. Elise supplerte tre mål på tre straffar med tre spelemål.
Liv Pauline kom innpå og sette tre kjappe, samtidig runda Emilie Halhjem av med kampens finaste skåring frå strek.
Os gjekk opp i 29-23 og vann komfortabelt 30-26.
Neste kamp går heime mot Gneist allereie onsdag.