Bjørnafjorden kommune | 31. mars 2022

Leiter etter gamle medlemmar

Ber om hjelp: Pensjonistar med fartstid i Fagforbundet prøver å samlast igjen etter pandemien.

Leiter etter gamle medlemmar
F.v.: Karin Snilstveit Berge, Helga Grindevoll og Gunvor Døsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. mars 2022 06:10

– Vi har 268 medlemmar, men var berre 15-20 på førre samling. Vi har plass til mange fleire, seier Gunvor Døsen.

– Men vi har problem med å få tak i alle, og håper nokre av dei les lokalavisa, eller har familiemedlemmar som kan oppmoda dei om å delta. Det kan vera godt å ha ein fellesskap.

Dei har faste treff i kantina på rådhuset i Os den første tysdagen kvar månad. No er dei endeleg i gang igjen etter pandemien.

Gunvor sit i styret saman med Karin Snilstveit Berge og Helga Grindevoll.

Neste treff er tysdag 5. april (frå kl 13).

Brått åleine

Mange vel å halda fram som medlem i Fagforbundet etter pensjonistalder.

– Du held på mange fordelar, og frå det året du fyller 76 år er medlemsskapen gratis, fortel Karin.

– Ein annan fordel er at du kan bli del av ein fellesskap når du blir pensjonist. Nokre saknar selskap etter at dei sluttar å jobba, andre blir brått åleine, legg Helga til.

Det er medlemmar i alle aldrar. Nokre er yngre og uføre, den eldste har nyleg passert 100 år.

Faste treff og fleire turar

Gruppa arrangerer treff éin gong i månaden, gjerne med ulike, lærerike tema.

– Apoteket har vore innom og snakka om medisinbruk, vi har vore på brannstasjonen og øvd på sløkking og hatt foredrag om både tannhelse og kosthald.

Gruppa er også på årlege turar. Nokre gongar på dagstur med buss i nærområdet, andre gongar utanlands.

– Neste tur blir 29. juni. Og så diskuterer vi ein tur til Danmark over sommaren. Dette blir tema på treffet tysdag.

Pensjonistane i Fagforbundet Bjørnafjorden har også pengar på bok.

– Vi får overført midlar til å driva denne formen for aktivitet. Det gjer at vi også kan ha låg eigenandel på turar. No håper vi å bli endå fleire på dei månadlege treffa våre, og å få nokre fine turar saman i tida som kjem!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.