Lokal | 17. okt. 2018

Leiter etter mann med raud eller rosa bukse

Politiet ber om tips etter tjuveri frå Sprek og Blid.

Leiter etter mann med raud eller rosa bukse
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. okt. 2018 07:30

Tysdag kveld fekk politiet melding om tjuveri frå ein garderobe på treningssenteret Sprek og Blid i Holtbrekka.

– Ein mann hadde gått inn i ein garderobe og tatt ein bag som høyrer til ein av dei som var og trente på senteret, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mistenkte er fanga på overvakingskamera, og er ukjent for dei som jobbar der.

Politiet skildrar mistenkte på denne måten: Mann med mørkt hår ikledd svart jakke, raud eller rosa bukse og svarte joggesko med kvit sole.

Politiet synest det er vanskeleg å seia noko om alder, men vedkomande ser ut til å vera ein ung vaksen.

Veit du kven vedkomande er?

Tjuveriet skjedde rundt klokka 18.35. Politiet fekk melding først nokre timar etter tjuveriet, men har patruljert i Os og gjort visse undersøkingar.

– Førebels har vi få andre spor enn det som er av overvakingsbilde, seier Hadler-Olsen.

Politiet ber publikum om tips.

Veit du kven som gjekk med raud eller rosa bukse i går, og som elles passar skildringa over, når du politiet på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.