Lokal | 02. mars 2020

Leitte etter dårleg lukt

Brannvesenet og politiet rykte ut til Stegen i kveld.

Leitte etter dårleg lukt
Brannvesenet rykte ut på melding om dårleg lukt i bingolokalet i Stegen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mars 2020 20:01

Klokka 20.28 fortalte 110-sentralen om utrykking til Idrettsbingo Os etter melding om dårleg lukt i lokalet.

– Det var ein markant lukt i lokalet, og vi veit framleis ikkje kvar den kjem frå, sa utrykkingsleiar Kjersti Lien til Midtsiden.

Politi og brannvesen rykte ut litt før klokka 20.30 i kveld. (Foto: KVB)
Politi og brannvesen rykte ut litt før klokka 20.30 i kveld. (Foto: KVB)

Brannvesenet har òg sjekka resaurantlokalet i etasjen under, utan å finna noko, og gjekk i 20.40-tida inn med stige for å sjekka innvendig tak.

Samtidig fortel 110-sentralen om mogleg feil på elektrisk anlegg i bygget.

– Lukta kom frå ein kombinert TV- og PC-skjerm. Denne gav ikkje frå seg synleg røyk, men noko lukt. Skjermen er no tatt ut av bygget, og vi har gått gjennom resten av lokalet utan å finna andre feil eller noko varmgang, seier brannsjef Eivind Hovden litt over klokka 21.

Bingoane var tidlegare einaste stadane det var lov å røyka inne. Den tida er forbi, utan at det hadde noko med verken svilukta, den skadde skjermen eller luktesansen til dei som ringte brannvesenet å gjera.

Klokka 20.40 var luktkjelda framleis ikkje funnen. (Foto: KVB)
Klokka 20.40 var luktkjelda framleis ikkje funnen. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.