Leitte etter mann med kniv
Politiet patruljerte fredag i Osmarka, på jakt etter mann med kniv og schäfer.
Fredag i 14-tida byrja politiet å leita etter ein mann med schäfer i Osmarka.
– Bakgrunnen er at vi fekk melding av ei kvinne som gjekk tur med hundane sine på Tøsdal, der det kjem ut ein sti frå Osmarka.
– Ho hadde møtt ein mann med ein schäferhund, som etter ei stund hadde tatt fram ein kniv, fortel politibetjent Tom Johannessen.
Patruljen søkte i Osmarka og rundt på Tøsdal utan å finna nokon.
– Oppførte vedkomande seg trugande?
– Det er noko uklart kva som har skjedd, så vi er ineterssert i å koma i kontakt med denne mannen, anten han kontaktar oss sjølv eller om andre vitne veit kven dette er, seier Johannessen.