Lokal | 12. sep. 2018

Leitte med dykkarar etter funn av mc

Utrykning til Halhjem etter funn av mc i sjø.

Leitte med dykkarar etter funn av mc
Søk med dykkarar og lift som utkikstårn. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. sep. 2018 20:05

Bildeserie:

1 av 2

Onsdag kveld klokka 19.38 rykte brannvesen, politi og ambulanse ut på melding om funn av moped eller motorsykkel i sjøen.

– Vi fekk først melding om at det var på Halhjem ferjekai, dette blei seinare korrigert til vika like ved, Naustvågen i Bjørnavegen, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Det var uvisst om det var folk i sjøen. Brannvesenet rykte ut med fire redningsdykkarar i tillegg til vaktlaget.

– Dykkarar gjorde søk i sjøen mens vi brukte liften, som vi òg har med, til å sveipa over sjøen, noko som gav oss godt oveblikk.

Ingen funn

Ingen blei funnen i søket, det kom heller ikkje melding om at nokon var sakna.

Liften blei òg brukt til å løfta motorsykkelen på land.

Ut frå registreringsnummer blei namn på eigar funne.

– Det viser seg at motorsykkelen truleg er stolen. Det blei ikkje gjort funn, og søket blei avslutta, seier Håkon Myking, vaktkommandør på 110-sentralen, til Midtsiden.

Oppdatert: Blei stolen på tysdag

Torsdag morgon stadfestar politiet at motorsykkelen var sakna av eigar.

– Den var meldt stolen tysdag, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

Eigar bur i nærområdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.