Lokal | 12. des. 2010

Lekkasje i Buggegården

Oppdaga gamal lekkasje - tømte fleire tusen liter ut av næringseigedom i Brugata.

Lekkasje i Buggegården
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. des. 2010 07:54

Laurdag i 14-tida rykte brannvesenet ut på melding om vasslekkasje i Brugata.

- Eit rør hadde sprunge lekk ut i 2. etasje og vatnet hadde rent ned i 1. etasje, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Lekkasjen har pågått ei tid så det var fleire tusen liter med vatn i bygningen då brannvesenet byrja å lensa med pumper og vassugarar.

- Huseigar er varsla of forsikringsselskap og skadesaneringsfirma overtok då akuttfasen var over.

Det er BB Eiendom Invest I, styrt av Bergen Eiendomsrådgivning, som eig bygningen. Fondet eig også nabobygningane, som blant anna DnB NOR og GH Interiør leiger i, og Oshjørnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.