Lokal | 28. feb. 2014
Lekker rekve
Strandebarmer stranda i Os.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. feb. 2014 15:58
Fredag fekk Midtsiden melding frå ein turgåar som hadde observert ein trebåt i fjøresteinene nær Os sentrum.
Båten, som ser ut til å vera ein strandebarmer, ligg med kjølen opp i Steinnesetfjøra.
Årer og kjøl ligg fint plassert ved båten, men både båt og utstyr ligg utrygt om det kjem høge bølgjer på flo sjø.
– Vi har ikkje fått melding om denne båten, men vil sjekka den ut, seier varabrannsjef Arne Monsen.