Lokal | 09. aug. 2014

«Lena» kjem i kveld

Ekstremvêret «Lena» slår innover Vestlandet laurdag kveld. Folk bør sjekke fortøying av båtar og sikre lause gjenstander.

«Lena» kjem i kveld
Båtane i hamna ved Oseana fekk det tøft i romjula sist vinter. I natt kan det igjen bli tøffe tak for fortøyingane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 09. aug. 2014 15:07

Meterologane oppgraderte laurdag formiddag vêrvarselet til ekstremvarsel for vestlandet laurdag kveld og natt til sundag.

– Det ser ut til at uvêret har blitt djupare, og at det vil gå nærare land enn det det såg ut til tidlegare, seier Tone Kristin Taule, vakthavande metorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ber folk komma seg på land

Det blir kraftig vind i høgda, og vinden vil auke frå søraust utover ettermiddagen. Vindkasta kan kome opp i 25 til 30 m/s.

Mot natta vil vinden dreie sørleg og auke endå meir på langs kysten.

– Vi reknar med at det vil bli turbulent langs kysten. Middelvinden vil ligge på full storm, og kanskje og opp mot sterk storm. Det vil seie vindkast opp mot 35 m/s, men eg utelukkar ikkje at det enkelte stader også vil kome over dette, seier Taule.

Uvanleg for årstida

Slike vêr og vindar er uvanleg for årstida.

– Dette er veldig sterk vind, og svært uvanleg for denne årstida. I kveld og i natt bør ein ta omsyn til vêret, seier Taule.

Ho rår også folk om å gå over hagane sine, og sikre at ikkje lause ting som kan blir tatt av vinden ligg rundt om. Til eksempel hagemøblar og trampoliner.

– Ein bør begynne med dette no. Det er svært farleg med «flygande gjenstandar», seier meteorologen.

Utpå dagen søndag skal det bli meir normale tilhøve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.