Ler av rånarar
Grisekjørarar bruker olje og såpe for å sladda. Eks-rånar meiner ungdomen treng trening.


Onsdag ettermiddag fekk politiet melding om grisekjøring og tilgrising frå tilsette ved Rolls Royce.
- Klokka 16.42 fekk vi melding om at dei har eit problem med rånarar som bruker parkeringplassen deira om kveldane og nettene, seier operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt.
- Dei griser til plassen med såpe eller olje før dei sladdar rundt på plassen. No vil dei ha hjelp av politiet for å få slutt på både tilgrising og grisekjøring.
Onsdag kveld var det 8 varmegradar ute, men glatt på den store asfalterte parkeringsplassen ved Ulvensletta.
Same kveld fekk Midtsiden melding om sladding på grusbanen ved Os ungdomsskule.
- Det var tydeleg at dette var ferske folk bak rattet, så det er kanskje bra dei øver seg, humrar innringaren.
Då Midtsiden fortel om såpesøl på parkeringsplassen til Rolls Royce byrjar vitnet å le.
- Eg sladda litt sjølv då eg var yngre, men vi trengte verken grus eller såpe for å få bilen til å sleppa. Dei bør ta seg ein tur på bane, så dei kan bli kjent med bilen og seg sjølv utan å dumma seg ut, meiner eks-rånaren.