Kultur | 13. aug. 2017

Lét dansefoten kvila

Han er skadd, men ikkje sjukmeldt, statsråd Søviknes. I går gjesta han Osfest med eks-bookingsjef Orbo.

Lét dansefoten kvila
Ekteparet Kari og Ole Reinert saman med Anne Fenstad og Terje Søviknes på Osfest laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. aug. 2017 09:01

Førre helg var olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) uheldig og skadde ankelen sin då han skulle dansa swing på ein terrasse på ein privat innflyttingsfest.

– Det er jo heilt håplaus, sa Søviknes til BT frå sjukesenga.

Han ønskjer ikkje å sjukmelda seg.

– Då kan eg verken uttala meg eller ta avgjerder. Men eg går glipp av ein del, som store delar av Arendalsuka, som byrjar måndag. Der er det mogleg at eg får tatt eit innlegg streama via nett, elles har eg sendt statssekretærane mine, seier Søviknes til Midtsiden.

– Det er jo ein del som har det morosamt med denne skaden min. Det gjeld også statssekretærane, dessverre, som har opna foredrag dei tar for meg med bilde av meg frå sjukesenga og sagt at eg skadde meg mens eg førebudde meg til å delta i «Skal vi danse».

Statsråden går glipp av mykje, men fekk med seg Osfest.

Laurdag brukte han både krykker og rullestol for å ta seg rundt i Os, frå middag i sentrum til festival på grusen.

Han kom seg tidleg til festivalområdet og fekk ein god plass å sitja før festivalområdet, på under ein time, blei fylt opp.

– Ankelen er framleis vond. Det går fint å vera ein periode på krykker, men det beste er å sitja med foten høgt, seier Søviknes til Midtsiden, pigg og opplagt med ei halvliter øl framfor seg.

Tidlegare festivalleiar på plass som gjest

På Osfest sat han saman med forloveden Anne Fenstad, som han fridde til under Tysnesfest i fjor, og veneparet Ole Reinert Berg-Olsen og kona Kari.

Ole Reinert eigde halve Osfest AS, som han starta saman med Tor Egil Hylland.

– Det er godt å vera her som gjest, å kunna sitja å slappa av og delta på festen, synest Orbo.

Han trekte seg frå festivalen og la i oktober i fjor ut aksjane sine for sal. Dei er selt til nytt styre og musikaren og produsenten kunne sjølv nyta å vera publikum utan å ha mange oppgåver.

– Du var bookingsjef på Osfest. Kva synest du om årets program?

– Det er veldig bra! Eg var her i går òg. Det er vanskeleg å trekka fram nokre som lokkar meir enn andre, eg har gledd meg til å oppleva alle, seier Berg-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.