Kultur | 26. aug. 2014

Let publikum få prøva

Det blir både Flåklypa og Michael Jackson når Os skulekorps speler gratiskonsert i Oseana. Etterpå kan publikum få prøva instrumenta.

Let publikum få prøva
Os skulekorps. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. aug. 2014 09:16

Søndag blir det korpskonsert for heile familien i foajeen i Oseana. Os Musikkforening inviterer - og i samarbeid med Os skulekorps blir det ein lettfatteleg og variert konsert, kor det i etterkant av konserten blir høve for dei yngste blant publikum å prøva seg på dei ulike instrumenta.

– Os skulekorps er eit janitsjarkorps med medlemar i alderen 8 til 18 år. Vi er ein fin gjeng, men har plass til fleire, og spesielt dei som går i 3. og 4. klasse er i ein fin alder til å byrja.

– Har du lyst å byrja å spela eit instrument så har du sjansen til å prøva litt forskjellig denne søndagen, seier skulekorpset i ei pressemelding.

Konserten vil innehalde musikk frå filmane «Flåklypa» og «Olsenbanden». Du får også høyra eit par-tre låtar frå Michael Jackson sin musikk.

– Tre flotte jenter frå skulekorpset syng med oss i to kjende barnesongar, akkompagnert av høvesvis klarinettgruppa og trombonegruppa. I tillegg vil også musikantar frå skulekorpset bidra med kammermusikk. Du skal heller ikkje sjå vekk i frå at det kjem ein dansar på besøk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.