Golf | 14. feb. 2010

Let seg ikkje stoppa

Juniorane på Bjørnefjorden Golfklubb let seg ikkje stoppa av snøen.

Gjestsøndag 14. feb. 2010 16:21

Bildeserie:

1 av 0

Laurdag spadde dei fram mattene på drivingrangen og slo ut nokre ballar i den fine vintersola.

Mens andre folk brukte golfbane som skiløype gjorde juniorane det bana eigentlig er tenkt til, nemlig golf. Litt uvanlig golftrening vart det nok, men svingen fikk dei øva på uansett.

- Desse juniorane har forstått kva som skal til for å bli god. Då kan ikkje litt snø stoppa oss frå å trene, seier trener Sverre Marcelius.

- Dei stilte opp her ei time før treninga eigentlig skulle ta til og måka drivingrangen slik at vi kunne kose oss ute i sola. Dei siste seks vekene har vi trena inne, difor var det godt å komma ut i dag.

Danmark i påsken
Juniorgruppa ved Bjørnefjorden golfklubb reiser tradisjonen tro til Danmark, og forhåpentlegvis, grøne bakkar i påska.

- Då er det greit at grunnlaget er lagt, sjølv om det må gjerast i snø, avsluttar trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.