Kultur | 10. juni 2015

Lett, lystig og gratis

Os Musikkforening, Os skulekorps og Søre Neset Musikklag vil laurdag få deg i sommarstemning.

Lett, lystig og gratis
Os Musikkforening (bildet) med Os skulekorps og Søre Neset Musikklag speler gratis i Oseana på dagtid lørdag. (Foto: Jørgen Herland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juni 2015 12:31

Laurdag 13. juni kl 12:45 inviterer Os Musikkforening til sommarkonsert i foajeen i Oseana. Saman med Os skulekorps og Søre Neset Musikklag rundar vi av sesongen med lette og lystige sommartonar!

Først ut vert Os Skulekorps. Dei har ca. 35 medlemer som fordeler seg i hovudkorps, juniorkorps og aspirantkorps. På konserten får vi høyra hovudkorpset som vert leia av Marius Fevang Thorstensen. Dei vil mellom anna spela «Månemannen» av Vamp.

Neste post på programmet er Søre Neset Musikklag med dirigent Aina Herheim. Dei vil bidra med vakre tonar frå Grieg og Vamp, og sjølvsagt - ein feiande marsj. Og sanneleg får vi høyra tonar frå ein papegøye frå Amerika også!

Os Musikkforening, med dirigent Per Lorentz Milotzki, byr på «Buglers Holiday» og «Clarinet Candy», der musikantar frå skulekorpset står fram som solistar saman med oss. Det er imponerande kor godt desse unge allereie beherskar sine instrument! De vil også få høyra ein vakker liten fantasi over ein dansk melodi og ein av dei flottaste svenskemarsjane, «Under blågul fane».

Med andre ord blir det lettfattelege og publikumsvennlege program. Legg laurdagsturen innom Oseana!

Os Musikkforening

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.