Lokal | 07. apr. 2014

Lettare enn venta

Vêrmeldinga for veka er endra frå grå og våt til sol måndag, onsdag og fredag.

Lettare enn venta
Bjørnafjorden sett frå Os i dag. (Foto: Joakim Kvernes Forstrønen) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. apr. 2014 09:07

Etter to veker med strålande sol i Os gjekk vêret «tilbake til normalen», men overskya og regn gjennom helga.

Også veka som kjem var venta å bli grå og våt, men i dag er meldingane lettare for fleire av dagane.

Måndag har gått frå overskya til lettskya. Også onsdag skal det bli sol, opphaldsvêr og over 10 gradar.

Men tysdag og torsdag er det meldt regn, spesielt ettermiddagen tysdag skal det koma mykje nedbør.

Storm.no melder sol også fredag, medan Yr.no spår regn på dagen og lettare vêr frå ettermiddagen av.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.