Levande mat og action
Bygdekino: Oppfølgjaren til "Det regner kjøttboller" og "Jack Ryan: Shadow Recruit" er søndagens filmar i Oseana.
Søndag 2. februar er det igjen tid for Bygdekinoen i Os. Filmane denne dagen er "Det regner kjøttboller 2" der eksperimentet i første film har resultert i levande mat, og actionhelten Jack Ryan frå Tom Clancys bøker er tilbake i "Jack Ryan: Shadow Recruit".
Det regner kjøttboller 2
"Det regner kjøttboller 2" held fram der forige film sluttar. Flint med sitt ville mateksperiment trudde han redda verda då han øydelagde oppfinninga si, men der tok han feil. Maskina, som i første film gjorde vatn om til mat og endte i ville spagettitornadoar, har laga ei øy full av mat dyr, kalla "matningar".
Flint og vennane hans legg ut på ein skikkeleg apetittvekkande ekspedisjon, der dei møter farlige tacodiller, rekpanser, ostekoppar og andre merkelege matdyr. Dermed må Flint ut og redde verda nok ein gang.
Dei norske stemmene er ved mellom anna Jakob Oftebro, Jannecke Øinæs, Nils Ole Oftebro, Stig Henrik Hoff, David Skaufjord og Christoffer Staib.
Filmen er tilleten for alle.
Tid: 16:00
Jack Ryan: Shadow Recruit
Jack Ryan er den amerikanske forfattaren Tom Clancy sin mest kjente rollefigur. Tidlegare filmar med Jack Ryan er " Jakten på Rød Oktober" (1990), "Patriotens Spill" (1992), "Overhengende fare" (1994) og "Det absolutte mareritt" (2002).
No er actionhelten tilbake, med Chris Pine som Jack, og "Shadow Recruit" tek for seg det første oppdraget hans.
CIA- analyseeksperten Jack Ryan er i Moskva med sin kjæraste (Keira Knightley) då han blir kasta rett i skotlinja og må ta på seg ein ufrivilleg agentrolle. Like etter oppdagar han at russiske terroristar planlegg eit stort angrep som vil få USA sin økonomi til å rase saman.
Dette er ein spennande actionthriller med Chris Pine, Keira Knightley, Kenneth Branagh og Kevin Costner i hovudrollane. Branagh har også regien på filmen.
Aldersgrense 15 år.
Tid: 19:00