Arvid Rabben, nær skåring i det førre oppgjeret mellom dei to laga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Lever sitt eige liv

Lokaloppgjer på Nore Neset laurdag når Søre Neset/Nore Neset tar imot Søfteland til toppoppgjer i 6. divisjon.

Av: Andris Hamre

Det blei ein tett kamp då dei to kamphanane gjorde opp seg imellom på Stilvoll i juni. Heimelaget Søfteland gjekk av med sigeren 3-2 etter å ha leia 3-0.

– I den kampen følte eg vi ikkje fekk vist vårt beste.

– Vi er rimeleg klare på å løfta prestasjonane i morgon, fortel Søre Neset/Nore Neset-trenar, Kenneth Svenningsen.

Er i flyten

Sidan dei tapte for Søfteland 9. juni har Søre Neset/Nore Neset berre gitt frå seg poeng i bortekampen mot Rosendal, kor dei spelte 2-2.

– Vi har hatt ein veldig god andredel av sesongen.

– Eg trur vi har tatt seks poeng meir enn vi gjorde i tilsvarande kampar i starten av sesongen.

– Vi er definitivit i betre flyt, fortel Svenningsen.

Obs på overgangane

Svenningsen, som førre sesong var trenar for Søfteland, er spent på kva motstandarane kjem med.

– Eg har ikkje lagt i buskene og spionert, så eg veit ikkje kva dei stiller med i morgon.

– Men eg reknar med at dei kjem til å kjempa med nebb og klør.

– Av erfaring veit eg dei er gode på overgangar, så vi må vera vakne for kontringar og ikkje stikka alle mann i angrep.

– Er ein open kamp

Trenaren set pris på den gode tonen dei to laga hadde i første kampen.

– Eg håper og trur det blir sånn i neste kamp òg. Det er eit lokalderby og i sin natur tenner det alle litt ekstra.

– Det kjem garantert til å bli ein spennande kamp. Eg trur den er rimeleg open.

Båe kan rykka opp

Kampen går på Nore Neset idrettsplass klokka 13 laurdag. Søre Neset/Nore Neset ligg før kampen på andreplass med 33 poeng, eitt poeng framfor Søfteland.

Foran seg har dei to laga Sædalen, som møter Øystese 2 på bortebane sundag.

– Det kan godt skje at Sædalen må gi frå seg poeng der inne.

– Uansett blir det tett heilt inn, avsluttar Svenningsen.

Vinnaren av pulja rykker rett opp. Andreplassen skal ut i kvalifisering mot andreplassen frå ei av dei andre puljene.

Fleire saker