Leverte igjen
Hellbillies vitja Os for tredje gong då dei avslutta oktoberfest-veka på Oseana fredag. Karane frå Ål leverte tross eit litt tamt publikum.

Det tok aldri heilt av blant dei vel 400 tilhøyrarane som hadde funne vegen til Oseana fredagskvelden. Framfor scena var det god plass, folk valde i staden å stå pent og pyntelig lengre bak i salen med eit glas i handa og høyre på dei driftige musikarane frå Ål.
Oppe på scena gav Hellbillies, med brørne Aslag og Lars Håvard Haugen i spissen, likevel full gass og leverte ein konsert som hadde fortent enno fleire tilhørarar.
Her var det smakebitar frå albumet "Tretten", som kjem 5. november og gode gamle klassikarar som "Leite etter lykka" og "Den finaste eg veit". Dei nye låtene føyer seg fint inn i rekka av melodiøse countryrock-låter frå dei etterkvart så rutinerte karane.