Lie fekk Os på gli
Tor Inge Lie var sentral då handballherrane tok sesongens første poeng.


Kollektiv superinnsats og Tor Inge Lie tilbake på laget var nok til at Os kunne ta ein imponerande siger over Fyllingen 2 laurdag.
10 kampar utan poeng, og ei veke med trening utan trenar. Os såg nok på sjansane sine som små før heimekampen mot Fyllingen 2, som ligg på 3. plass på tabellen.
- Joachim (Nøkleby) har det travelt med andre ting for tida, og sa måndag frå at han trekk seg som trenar. Han kjem til å vera med som spelar, men fekk dessverre ikkje vera med då vi tok sesongens første poeng, seier Andris Hamre.
Før kampen hadde spelarane bestemt seg for at kvar av dei skulle kunna gå av banen etter kampen og kunna seia at dei hadde gjort sitt beste. Ein strategi som såg ut til å fungera.
- Gjestane hamna raskt i leiinga, men vi hengte med, og blei liggande eit par mål bak.
Til pause sto det 11-15
Os låg 4-2 i starten av første omgang, men gjekk ned til 6-0. Før andre omgang bestemte dei seg for å ligga 5-1, med Daniel Røen framme for å snappa ballar.
- Dei unge spelarane gjer det ofte svært godt, og i går fekk Daniel vist seg bra fram. Tor Inge, som spelte lite i første omgang, spelte saman med Sindre Lom, Kristian Bruarøy, Ove Lyssand og Øystein Vindenes praktisk talt heile andre omgang.
- Det gjekk så bra at eg torte ikkje å byta, legg Hamre til.
Midtvegs i omgange tok Os gjestane igjen, og så veksla det mellom uavgjort og leiing til Os resten av kampen.
- Då merka publikum at dette kunne gå vegen, og byrja å støtta oss skikkeleg. Det var ei god kjensle å kunna gå av banen og gratulera kvarandre med siger, seier Andris etter 24-23 og sesongens to første poeng.
Laget (og skåringane): Einar Godø, Charles Whiteley, Sindre Lom (2), Jørgen Wold (1), Andris Hamre, Joachim Blodstrupsmoen, Øystein Vindenes (4), Fredrik Andresen (2), Kristian Bruarøy (4), Ove Lyssand (5), Tor Inge Lie (5), Daniel Røen (1), Erik Vågane, Karsten Løtveit. Silje Nordvik (lagleiar).
Held fram utan trenar
Joachim Nøkleby blir ikkje erstatta med det første.
- Det ser ut til å gå bra med at vi saman bestemmer korleis vi skal trena, og at vi er fleire om det å legga strategi før kamp. Nokon må sjølvsagt ta ordet og til ein viss grad leia laget, så eg blir nok litt meir på benken og litt mindre på banen i tida framover, seier Andris.
Os spelar også neste kamp på heimebane, mot Norrøna 31. januar (kl 17.30).
Norrøna ligg på plassen bak Fyllingen 2 på tabellen, med 14 poeng etter 11 kampar. (Fyllingen 2 har 14 poeng på 9 kampar).