Kultur | 28. mars 2017

Ligg framfor skjema

Osfest er godt i rute, har fått sponsorar, støtte og seld billettar for éin million. – Vi har aldri før lagt så bra an, seier Hylland.

Ligg framfor skjema
Tor Egil Hylland fortel at dei ligg foran skjemaet både på tid og økonomi (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. mars 2017 09:00

Sjølv om ikkje heile programmet for Osfest-helga 11. og 12. august enno er lansert, ligg festivalen betre an enn dei har gjort tidlegare år.

– Vi passerer éin million kroner i inntekter før påske, så då er mykje gjort. I dette ligg støtta frå Grieg Foundation, Os kommune og dei sponsoravtalane som er stadfesta.

– I tillegg har vi seld fleire billettar til no enn i tilsvarande periode dei tidlegare åra. Det siste har ein viktig psykologisk faktor for oss som jobbar med festivalen, vi får meir ro i sjela.

– Vi ligg framfor skjemaet både på tidsplan og økonomisk, trass i at vi kom seinare i gang enn vi har gjort tidlegare, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Har jobba målbevisst

Hylland fortel at det har vore jobba hardt og målbevisst for å koma så langt som mogleg før påske.

– Alle artistane er på plass. Programmet er klart. Det er ikkje lenge til vi slepp neste artist, så vil dei resterande komma ut over påske.

– For meg har det vore viktig å få både artistane, sponsorar og støttespelarar på plass som tidleg som mogleg. Framleis vil vi jobba med dette, men etterkvart som det dreg seg til mot festivalen er det mykje anna som også skal på plass, så då er det greitt å ha fått gjort unna mest mogleg så tidleg som mogleg.

– Vi har fått mange sponsorar med oss allereie, og fleire er vi dialog med, men ikkje landa, så dei er ikkje med i den millionen vi no passerer, forklarer Hylland.

Til no ser årets Osfest-program sånn ut:

FREDAG 11. august
• TBA (to be announced)
• Kream
• Unge Ferrari
• Jesper Jenset
• Julie Bergan
• Madcon

LAURDAG 12. august
• TBA
• TBA
• TBA
• Postgirobygget
• Erik og Kriss
• TBA

Midtsiden samleside: Alt om Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.