Ligg laus og bankar mot brygga
Fleire båtar i marinaen ved Os Sjøfront har slite seg. Minst éin har hol i skroget.
Kraftig vind og bølgjer frå aust har gjort at det har skvulpa godt i bryggeanlegget innanfor moloen på Mobergsneset.
Fredag ettermiddag blei det oppdaga at fleire av båtane har slite seg.
– Fleire båtar har slite seg, eller er i ferd med å slita seg. Ein av dei større båtane har også hol i skroget, seier bryggeleverandør Espen Aspenes frå Alutec.
Sjølv om Alutec ikkje har ansvar for korleis folk fortøyer båtane sine, plar ein av montørane til Aspenes å stikka nedom marinaen når det bles.
– Folk må læra seg å fortøya båtane skikkeleg, og folk må kjøpa skikkeleg tau.
Aspenes har varsla teknisk drift i Os kommune og brannvesenet, i tilfelle nokre av båtane går ned.
I tillegg har han meldt ifrå til interimstyret som har ansvar for hamna, så dei kan varsla båteigarane.