Ligg an til brudramatikk i fylket
E39 Stord-Os: Vil fylkespolitikarane opna oppatt for indre trasé? Torsdag kjem avgjerda. Kva MDG stemmer kan bli avgjerande.
Fylkesutvalet i Hordaland Fylkeskommune har i dag og i morgon møte på Steinsland på Sotra. Der skal politikarane ta stilling til kva dei skal meine om bru over Bjørnafjorden, ei sak som først kom på sakskartet etter at Nils-Anders Nøttseter (MDG) undra seg over kvifor den ikkje sto på kartet til utval for miljø og samferdsel.
– Eg er varamann til det utvalet og undra meg kvifor saka ikkje sto på møteplanen tidlegare i vinter. Difor tok eg ein telefon til vår faste representant Natalie Golis som etterlyste saka, fortel Nøttseter til Midtsiden.
Foreslo to felt
I saksutgreiinga til politikarane peiker fylkesrådmann Rune Haugsdal på dei høge kostnadane i prosjektet og tek mellom anna til ordet for å redusere totalkostnadane i prosjektet ved å vurdere to-felts veg som standar på vegen (sjå heile fylkesrådmannen si innstilling i tabellen nederst i saka).
Kjem truleg nytt framlegg
Saka har før handsaminga i fylkesutvalet gått gjennom både utval for miljø og samferdsel (MISA) og utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU), kor posisjonspartiet Ap med samarbeidspartnarne Sp og KrF fremja eit forslag som opna for å vurdera indre trasé på nytt om ikkje prosjektet kan gjennomførast med lågare kostnadsramme og reduserte naturinngrep mellom anna i Øyane.
I KIRU fekk dei fleirtal for framlegget, medan dei i MISA ikkje fekk det.
– Tilfeldigheiten ville at eg møtte i det møtet. Saman med SV fremja vi vårt eige framlegg til uttale. Posisjonen sitt framlegg var eit steg i rett retning, men gjekk ikkje langt nok til at vi kunne støtta det, fortel Nøttseter.
– Men i protokollen har de fremja ein merknad om at de vil arbeida vidare med saka fram til møtet i morgon for å sjå om de kjem fram til eit betre høyringssvar. Kva er ståa der?
– Eg kan ikkje gå i detalj, men veit at det har vore, og framleis er, tett dialog på gruppeleiarnivå og at det truleg kjem eit nytt framlegg til høyringssvar frå posisjonspartia på møtet.
– Vi vil nok framleis fremja vårt eige forslag som vårt primærstandpunkt, så får vi sjå om det som kjem frå posisjonspartia kjem oss såpass mykje i møte at vi subsidiært kan støtta det, seier Nøttseter.
Ap, Sp og Krf er avhengig av støtte frå anten SV eller MDG for å få gjennomslag for sitt standpunkt i fylkesutvalet.
Dette er dei tre innstillingane som ligg i bordet før møtet:
Forslag til innstilling frå fylkesrådmannen 19/1-17
Fylkesutvalet meiner statleg kommunedelplan for E39 gir eit godt grunnlag for vidare planlegging av E39 på strekninga Stord-Os.
Fylkesutvalet rår til at alternativ B med midtre kryssing av Langenuen blir vald. Dette alternativet gir høgast samfunnsnytte, og fylkesutvalet kan ikkje sjå at det er lokale eller regionale omsyn som tilseier at andre alternativ vert vald.
Fylkesutvalet rår sterkt i frå alternativ D grunna store negative konsekvensar for nasjonale kulturminneverdiar.
Fylkesutvalet vektlegg omsynet til nasjonale og regionale kulturminneverdiar, landskap og friluftsliv ved Bårdsundet. Fylkesutvalet rår difor til at ein kryssar Bårdsundet gjennom senketunnel.
Fylkesutvalet rår til at vidare reguleringsplanlegging skjer som statleg plan. Det må leggjast vekt på følgjande i vidare planprosess:
Fortsatt god dialog med lokale og regionale styresmakter.
Dei arkeologiske undersøkingane vert utført så tidleg som mogeleg i planprosessen
Å redusere totalkostnadene i prosjektet gjennom:
Å vurdere to-felts veg som standard på vegen Å vente med bygginga av strekninga Ådland – Mehammar Avsetje tilstrekkeleg med planressursar til å kunne avklare teknologival for
kryssing av Bjørnafjorden
Fylkesutvalet er nøgd med at det vert lagt opp til å byggje haldeplassar og overgang til lokal- og regionaltilbod ved alle kryss. Det må bli lagt vekt på gode omstigingsmoglegheiter til lokal- og regionaltrafikk med gode ventefasilitetar. Det bør vurderast ein terminal for omstiging ved Svegatjørn. Det er også behov for å vurdere innfartsparkering for sykkel og bil i tilknyting til kryssa.
Fylkesutvalet støttar at det vert lagt opp til løysingar for syklande og gåande over bruene. Særleg ein sykkelveg over Bjørnafjorden kan ha stor betyding i ein reiselivssamanheng.
Trafikken kan forventast å auke på Fv 49 mellom Søreid og Våge, samt på Fv83 mellom kryss ved Fv49 nord for Søreid til Gjøvåg ved Reksteren. Fylkesutvalet meiner prosjektet må finansiere naudsynt utbetring av Fv49 mellom Søreid og Våge.
Fylkesutvalet meiner det på sambandet mellom Stord og Kvinherad bør bli etablert eit nytt ferjestø med god tilknyting til E39. Kommunedelplanen bør difor leggje opp til at det blir regulert eit kryss på Førland som kan vere eit godt utgangspunkt for eit framtidig ferjesamband mot Kvinnherad. Fylkesutvalet ber Statens Vegvesen om å inkludere ei samfunnsøkonomisk vurdering av eit eit nytt ferjestø i nærleiken av Førland.
Fylkesutvalet meiner det må arbeidast vidare med å etablere eit nytt ferjesamband mellom Austevoll og Reksteren til erstatning for sambanda Hufthamar-Krokeide og Sandvikvåg- Husavik. På sikt kan det vere aktuelt å byggje eit kryss ved Flygansvær, og vidare planlegging må ta høgde for dette.
Utbygging av E39 vil føre til meir trafikk inn mot Bergensområdet og gjere det vanskelegare å få gjennomført ambisjonane om nullvekst i biltrafikk i byområdet. Fylkesutvalet meiner dette aukar behovet for ei samordna areal- og transportpolitikk for Bergensområdet. Ferjefri E39 vil også auke behovet for at ringveg aust blir etablert.
Fylkesutvalet meiner det kan vere behov for omkøyringsveg eller beredskapskai for å sikre framkome ved eventuell stenging av bruer, og ber Statens Vegvesen om å vurdere dette nærare
Innstilling frå miljø og samferdsel 8/2-17
Fylkesutvalet rår til at vidare reguleringsplanlegging av E 39 skjer som statleg plan.
Fylkesutvalet rår til at alternativ F med søre kryssing av Langenuen blir vald. Dette alternativet gir høg samfunnsnytte, og er i tråd med lokale og regionale innspel.
Fylkesutvalet er nøgd med at det vert lagt opp til å byggje haldeplassar og overgang til lokal- og regionaltilbod ved alle kryss. Det må bli lagt vekt på gode omstigingsmoglegheiter til lokal- og regionaltrafikk med gode ventefasilitetar. Det bør vurderast ein terminal for omstiging ved Svegatjørn. Det er også behov for å vurdere innfartsparkering for sykkel og bil i tilknyting til kryssa.
Fylkesutvalet støttar at det vert lagt opp til løysingar for syklande og gåande over bruene, det er bra for miljø, klima og god folkehelse.
Fylkesutvalet meiner det på sambandet mellom Stord og Kvinherad bør bli etablert eit nytt ferjestø med god tilknyting til E39. Kommunedelplanen bør difor leggje opp til at det blir regulert eit kryss på Førland som kan vere eit godt utgangspunkt for eit framtidig ferjesamband mot Kvinnherad. Fylkesutvalet ber Statens Vegvesen om å inkludere ei samfunnsøkonomisk vurdering av eit nytt ferjestø i nærleiken av Førland.
Utbygging av E39 vil føre til meir trafikk inn mot Bergensområdet og gjere det vanskelegare å få gjennomført ambisjonane om nullvekst i biltrafikk i byområdet. Fylkesutvalet meiner dette aukar behovet for ei samordna areal- og transportpolitikk for Bergensområdet. Ferjefri E39 vil også auke behovet for at ringveg aust blir etablert.
Fylkesutvalet meiner det kan vere behov for omkøyringsveg eller beredskapskai for å sikre framkome ved eventuell stenging av bruer, og ber Statens Vegvesen om å vurdere dette nærare.
Langs heile planområdet må det sikrast gode tilførselsvegar og andre forbindelsar i tillegg til gode tverrforbindelsar i dialog med med dei berørte kommunane.
Protokollmerknad frå MDG og SV
MDG og SV arbeider videre med saken frem til fylkesutvalget for å se om det lar seg gjøre å komme frem til et bedre helhetlig høringssvar.
Innstilling frå utval for kultur, idrett og regional utvikling 15/2-17
Fylkesutvalet rår til at vidare reguleringsplanlegging av E 39 skjer som statleg plan.
Fylkesutvalet rår til at alternativ F med søre kryssing av Langenuen blir vald. Dette alternativet gir høg samfunnsnytte, og er i tråd med lokale og regionale innspel.
Dersom ikkje E 39-prosjektet kan gjennomførast med lågare kostnadsramma og samstundes redusere store naturinngrep blant anna i Søre Øyane i Os bør ein på ny vurdera indre trasé for ferjefri E 39.