Likestilt vaksine
Lesarinnlegg: Frp er glade for at også gutar no skal få hpv-vaksinen.
Jenter har fått hpv (humant papillomavirus)-vaksine sidan 2009. Dette har vore gledelig, då ein veit at dette viruset kan føra til kreft i blant anna livmorhals, anus, penis, munn og svelg. Grunnen til at jenter har vore prioritert først, er at ein knytter viruset særleg til livmorhalskreft, og er faktisk årsaka til nesten alle tilfeller av denne krefttypen. Difor blei vaksinen i fyrste omgang kun gjeven til jentene.
Men det ein ser er at også kreftformene rammer gutane. Slik som kreft i svelg, som er aukande.
Aukinga tilseier at både gutane og jentene bør få ein mogelegheit til individuell beskyttelse. Difor ønskjer ein no å gje det same tilbodet om beskyttelse til gutar, likeins som til jenter, gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
Årsaka til at ein ikkje innfører vaksinasjonen før hausten 2018 er fordi Folkehelseinstituttet, som anbefaler denne vaksina, og til å gjelde gutar, trenger litt tid til å førebu vaksinasjonen.
FrP har vore tydeleg på å gje hpv-vaksine og til gutar lenge. Difor er vi svært glade for at ein no likestiller jenter og gutar i vaksinasjonsprogrammet på dette området. Forebygging av ulike kreftformer er viktig.
Laila Reiertsen
Os FrP