Største fisk uansett klasse var ein lyr på 2,9 kg - tatt av Lilly Davida Vedholm Flaterås (10). (Foto: Oddmund Lunde)

Lilly Davida fekk den største fisken

Ein time kø for å melda seg på: Fiskekonkurransen i Øyane tilbake på gamalt toppnivå.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ei god veke etter at det blei klart at det ikkje blir Kystsogeveke, eller «Kystkultur no!» i Os i år, sa Redd Barna Cup ja til å gjennomføra den tradisjonsrike fiskekonkurransen likevel.

Bunnpris Vedholmen Landhandel trivst med liv på kaien, og laurdag blei det meir liv enn på lenge.

– Vi hadde 145 deltakarar, det hadde knapt vore plass til meir, seier Tommy Aasen.

Nesten dobbelt så mange som i fjor

Deltakarmengda har vore oppe i 120-150 før, men dei siste åra har det lagt på 60 til 80. I fjor var det 75 deltakarar.

– Både øyafolk og innbyggarar frå andre krinsar samlast på kaien. Vi opna for påmelding tre kvarter før planlagt start, men brukte ein time på å notera alle inn i boka. 

God inntekt

Deltakaravgifta gjekk til Redd Barna, som fekk 7250 kroner. Premiane var sponsa av butikken.

– Samtidig fekk sanitetsforeninga i Øyane selt litt mat. Dei betyr mykje for innbyggarane her ute, så inntekta kjem nok godt med for mange, seier Aasen.

– Skal Redd Barna Cup overta stafettpinnen med å arrangera denne i åra som kjem?

– Eg reknar med at tradisjonen med «Kystkultur no!» og Os Fritidsfiskarlag kjem tilbake. Vi skal ikkje ta plassen til nokon, men står klare om det trengs.

Forsvarte tittelen med ny farkost

Det blei delt ut premie til både mest fisk og størst fisk i kvar av dei tre klassane.

Største fisk uansett klasse var ein lyr på 2,9 kg - tatt av Lilly Davida Vedholm Flaterås (10). Store delar av fangsten elles var makrell.

Åge Søgnen, som i fjor tok største fisk frå vannskuter, viste at han òg kan fiska frå båt, og tok største fisk i vaksenklassen. Også det var ein lyr.

Båtseljar og tilflytta øyakrabbe Ståle Daae Børnes fekk mest fisk blant dei vaksne.

Vinnarane - klasse for klasse

Klasse 1 (inntil 10 år)
Største fisk - Andrea Røttingen - 0,8 kg
Mest fisk - Sienna Øvredal - 8 kg

Klasse 2 (10 - 16 år)
Største fisk - Lilly Davida Vedholm Flaterås - 2,9 kg
Mest fisk - Torbjørn Valen - 4,5 kg

Klasse 3 (over 16 år)
Største fisk - Åge Søgnen - lyr 2,6 kg (Var ikke til stede under premieutdelingen.
Mest fisk - Ståle Børnes - 3,9 kg

• Midtsiden samleside, meir om: Jakt og fiske

Fleire saker