Kultur | 03. feb. 2011

The Lindborgs slepp to

Søfteland Rock N LoL 2011: Her slepp brørne Lindborg dei to første namna på årets plakat, på rockefesten laurdag slepp dei neste namn.

The Lindborgs slepp to
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. feb. 2011 10:57

- Det kjem mange namn framover no, vi har rundt 10 band som allereie er bestilte, berre litt papirarbeid står igjen før vi kan koma med fleire, seier programsjef William Lindborg (t.h.).

Midtsiden samleside:
Les alle saker om/relatert til Søfteland Rock N LoL

Saman med broren Andreas og eit knippe vennar har William funne mange av dei som skal på scenen under årets Søfteland Rock N LoL, fredag og laurdag 15. og 16. juli.

- Vi ser fram til festivalen, men først og fremst gler vi oss til laurdagens feiring av 30 år med Os Rock City.

I Fjellheim slepp dei eitt av banda som skal spela under festivalen til sommaren. Men her slepp arrangørane dei to første i årets lineup:

Death by Unga Bunga - denne gong med fly
Band frå Moss som skulle spelt under festivalen i fjor, men blei forseinka.

- Dei kjørte frå jobb i Trondheim med fullasta, tung og treg bil. Dei fann fram, men kom ikkje på festivalområdet før akkurat då dei skulle på scenen. Dermed måtte dei nøya seg med å vera turistar i Os og nøgd publikum på Søfteland.

- I år har vi bestilt fly til dei, ler Andreas.

Death by Unga Bunga speler musikk som tar publikum tilbake til 50-talets rock n' roll, 60-talets garage & surf og 70-talets punk.

Kom med debutalbumet sitt på tampen av 2010 og fekk strålande kritikk, blant anna i Trønder Avisa, som gav «Juvenile Jungle» terningkast 6.

- Gjer deg klar for skrubbsår og rivne stemmeband!

Fleire spellemenn
Rock N LoL-gutane har sidan start vist at dei har teft. Fleire band har blitt bestilt eller spelt på Søfteland før dei braut gjennom.

Blant årets nominerte til Spellemansspris har 3 av 5 nominerte i sjangeren rock spelt på Søfteland tidlegare.

Ein av dei nominerte i pop-sjangeren kjem til Søfteland i år:

Kråkesølv - går for gull
Bodøbandet Kråkesølv kom med debutalbumet «Trådnøsting» i 2009. Albumet fekk strålande kritikkar og tilbakemeldingar som blant anna:

- Dette må være årets nord-norske debut!

- Bandet har lager magi av nordlandsk og skranglete poprock. Med suksess med det vanskelege andrealbumet, «Bomtur til Jorda», skjønte vi at desse karane meinte alvor, seier Lindbrg-brørne.

- Vi gler oss til å høyra og sjå dei spelamannspris-nominerte gutane i Kråkesølv på Søfteland i sommar!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.