Sport | 10. sep. 2013

Linde berga viktig poeng

Lysekloster 2 gjekk på stortap, Nore Neset spelte uavgjort, Søre Neset vann og serieleiar Søfteland sin toppskårar sikra viktig poeng.

Linde berga viktig poeng
Niklas Linde sørgja for poengdeling med skåring i 75. minutt på frispark frå rundt 22 meter. (Arkivbilde, foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. sep. 2013 13:09

Medan Os 2 ikkje speler før i morgon, mot Nordre Fjell i 4. divisjon borte, har Lysekloster 2 tapt 0-8 heime for Vestsiden Askøy i 5. divisjon på bortebane måndag.

God runde av Søre Neset og Nore Neset

Nore Neset og Søre Neset, som speler i same 6. divisjonsavdeling, spelte begge heime i denne runden.

Nore Neset spelte 2-2 mot Viggo laurdag.

Viggo ville blitt serieleiar om dei vann, medan Nore Neset ligg på 8. plass av 10 lag i avdelinga.

Søre Neset vann 5-3 og gjekk forbi motstandar Galgen på tabellen.

Søre Neset ligg no på 3. plass på tabellen, 5 poeng frå Mathopen på 1. plass.

Viktig poeng mot Sleipner

Søfteland, som leiar den andre 6. divisjonsavdelinga, hamna under mot Sleipner, som ligg på 4. plass med 2 kampar mindre spelt.

Sleipner skåra på straffe rett før pause, men Søfteland-toppskårar Niklas Linde sette i 75. minutt inn 1-1 på frispark frå rundt 22 meter.

Søfteland leier framleis avdelinga, men no berre med eitt poeng framfor Kalandseid. Neste kamp går borte mot Samnanger på 7. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.