Lindesnes Trekkspillklubb

Tradisjonen tru

Lindesnes Trekkspillklubb er klare for endå ein konsert i Oseana.  
Nærare 3 000 show, 16 CD- plater, 17 videoutgjevingar, blant dei ein fjernsyns- og kinofilm som er vist seks gongar på NRK, 11 USA- turnear gjennom 31 statar og turnear i 12 andre land er noko av det dei glade trekkspelarane har vore med på sidan klubben vart starta i 1990. Speleglede og godt humør, og av og til kanskje ei tåre, er det som kjenneteiknar desse blide sørlendingane. Kjende og kjære melodiar står på programmet når 45 musikarar frå Vest-Agder, Aust-Agder og Rogaland står på scena.
Dei lovar oss Lindesnes trekkspillklubb på sitt beste, og samtlege musikarar gler seg til å igjen spele på Oseana - kanskje igjen for ein utseld sal? 
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Fredag, februar 22, 2019 - 18:00