Sport | 08. feb. 2014

For lite skot og mykje bom

Osherrane tapte for FyllingenBergen 2. – Vi sliter med å skåra mål, oppsummerar Jesper Svensson.

For lite skot og mykje bom
Isak Røen får godkjent framover på banen frå trenar Jesper Svensson (arkivfoto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamrelaurdag 08. feb. 2014 19:02

Handballherrene til Os ligg rett over nedrykkstreken og kjempar for å halde Sotra og Kjøkkelvik bak seg. Laurdag møtte dei FyllingenBergen-rekruttane i Oshallen.

Feil i angrep blei nådelaust straffa frå raske fyllingdøler og herrane måtte sjå at dei låg fem mål bak til pausen (10-15).

I andre omgangen hevar Os seg og er i ei periode berre to mål bak, men FyllingenBergen blir for sterke og vinn tilslutt med fire mål.

– Vi har ikkje råd til å gje vekk fire fem mål slik som vi gjer i dag.

– Det å bomme på fire straffar er ikkje godt nok.

– I tillegg har vi fire fem av det eg vil kalla sovefeil, kor spelaren ikkje er vaken og klar.

– Isak Røen er eineste lyspunktet framover, han prøver. Dei andre er for lite skotvillige og går for mykje på tvers, oppsummerar Ostrenar Jesper Svensson.

For svake i duellane

Heller ikkje bakover er Ostrenaren heilt nøgd.

– Vi tapar for mange duellar, spesielt i 1er og 2er posisjonane.

– Midtforsvaret vårt står godt i dag, men det held ikkje, seier Svensson.

Neste kamp spelar Os heime mot Årstad sundag 16. februar.

Os - FyllingenBergen 2 20-24 (10-15)
Utv: Os: 4 x 2 min, FyllingenBergen 5x2 min
Os sitt lag: Andreas G. Sennesvik, Hans Brunvatne, Trygve Lerch Dahl 1, Joachim Nøkleby 1, Ove Lyssand 8, Isak Røen 3, Fredrik Andresen, Joakim Blostrupmoen, Øystein Skarding, Torbjørn Hjelle 1, Nils Andris Hamre, Jørgen Wold 6.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.