Sport | 17. okt. 2017

Lite stemte for Os

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

Lite stemte for Os
Trond Førde Eriksen prøvde å gjera justeringar i timeouten, men lykkast ikkje tysdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. okt. 2017 19:15

Handballdamene til Os tok imot Fyllingen heime i Oshallen tysdag kveld. Det blei ein liten nedtur etter forrige kamp kor dei slo Stord med eitt mål.

Osdamene mangla flyt i angrep og mista ballen for lett, noko som gjorde at Fyllingen enkelt kunne komma fire fem mål foran etter raske kontringar.

Os - Fyllingen 23-27 (12-15)
Utv: Os ingen, Fyllingen 4 x 2 min
Os sitt lag: Malene Sund, Madeleine Hjertnes 2, Gry Merete Nummedal, Emilie Halhjem 3, Hilde Kristine Røttingen 1, Liv Pauline Lunde 3, Line Hjelle Berentsen 1, Tiril Grønvigh, Elise Hjelle 3, Irmelin Lund, Thiet Dang 1, Marie Henriksen Håland 2, Regine Sten, Nora Berge 3, Emma Sælen Lyssand 2, Mia Torp Nielsen 2

Sjå tabell

– I dag er vi ikkje på. Vi får ikkje forsvaret til å sitta og vi får for lite redningar av keeperane. Vi får rett og slett ikkje flyten, oppsummerar trenar Trond Førde Eriksen.

– I angrep byrjer vi bra, men sluver i siste pansingen og lar oss stresse av Fyllingenforsvaret. Vi får ikkje rett avstand til forsvaret og har dårleg trykk i satsingane. Fyllingen er eit bra lag, og i dag vinn dei fullt fortent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.