Sport | 08. juni 2011

Lite vind, men høg temperatur

Det var blikkstille og overskya då trimmingseglasen gjekk tysdag. Takiske manøvrar ved start fekk temperaturen opp.

Lite vind, men høg temperatur
Andris Hamreonsdag 08. juni 2011 11:58

Det var lite vind på Korsfjorden då båtane reiste ut til start ved Blia, men meterelogane hadde lova litt vind 2-4 m/sek.

24 båter møtte til start og venta spent på vinden, då løpsflagget kom opp og viste at løypa denne gongen var 2 ganger Blia – Kyrholmen, kom også vinden frå vest. Svak og forsiktig i starten, men litt aukande etter kvart.

Klasse lys t.o.m. 1.20 starta fyrst. Ein av båtane var over startlinjen då starten gjekk og fekk straff for det. Dei andre båtane kom av garde og valgte forskjellege kursar over fjorden.

Noko av det viktigaste skipparen kan gjera er å finne ”fri vind” og ikkje bli forstyrra av luftstraumane bak dei andre båtane.

Heftig start med mykje roping

I starten for de store båtene, klasse lys f.o.m. 1.21 (13 båter), blei det ein heftig og tett start, med mykje roping.

Fleire båtar hadde valgt å leggja seg høgt i vinden før start og sløre ned mot merker, (kalt ”grosshandler”). Dei som hadde funne lina med full kryss mot øvste merke kunne då pressa desse utan for merket slik at dei måtte ta ei runde rundt og starte på nytt. Ikkje godt likt, men reglar er reglar.

Somme måtte òg ta ein 720 gradars runding for å frigjera seg frå straffen dei fekk. Med andre ord ein hektisk og spennande start med sinnene i kok.Ute på fjorden auka vinden når seglarane nærma seg Kyrholmen, her runda vinden opp mot 30gradar og dei som hadde for lav kurs til å stå merket fekk eit løft som ga god margin til runding.

Ein av båtane hadde difor bygd høgde ved å gå nordvest og fekk skikkeleg fart og slørte forbi dei andre.

Gjekk klar av skjær

Nord for Kyrholmen ligg nokre stygge undervannsskjær med ein stake, denne båten valgte feil side av staken og alle venta på smellen. Den kom, men dei var heldige, flo + litt flaks gjorde at båten glei lett over skjæret. Vi får håpe skadane ikkje blei for store. Den kunne iallefall segle vidare.

Båtane hadde no samla seg att og det var tett i rundingen, spinnakrane kom opp. Det var viktig å koma opp og få fri vind igjen. Nokre båtar hadde revet seg laus og låg eit stykke framfor hovudfeltet.

Spinnaker inn til Blia og ny tur ut til Kyrholmen igjen, men då hadde det gått så mykje tid at arrangørane valde avkorting.

Vinden var merkbar sterkare ved Kyrholmen enn ved Blia noko båtane også har registrert tidligare.

Referatet frå siglasen: Svein Skoglund, Os seilforening.

Klasse: LYS t.o.m 1,20 Antall deltagere: 11

1, Bulle, Stein Olav Drange, Milde Båtlag
2, Exena, Carl Olav Wickmann, Bergens Seilforening
3, Sweaty Betty, Robert Uglehus, Os Seilforening

Klasse: LYS f.o.m 1,21 Antall deltagere: 18

1, Madcap, Birger Bjerke, Milde Båtlag
2, Marlin, Hermod Opstvedt, Os Seilforening
3, Miramis, Erik Lie-Nielsen, Milde Båtlag

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.