Kultur | 24. aug. 2012

Liten, men god

Nyvinninga WT Litteraturfestival er ikkje av dei største, men leverar kvalitet. Gunnar Staalesen, Jørn Lier Horst og Frode Grytten er blant forfattarane.

Liten, men god
Ein festkledd Frode Sirevåg gler seg over å presentera den første WT Litteratur Festival 8.-10. november (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. aug. 2012 09:49

Frode Sirevåg, Vidar Bratlund-Mæland og Kjetil Fossåskaret har teke steget frå frå filmfestival til litteraturfestival. 8.-10. november inviterar dei til WT Litteraturfestival på Oseana.

- Det er god å vera tilbake i manesjen, smilar Frode Sirevåg etter å ha lansert festivalprogrammet på Oseana si haustlansering torsdag.

Kjekt samarbeid med Staalesen

I februar samla dei tre bak festivalen ein engasjert gjeng med mellomanna biblioteksjef Elisabeth Brochkon Tøsdal, tidlegare fylkeskultursjef Ingbjørg Astrup og forfattar Gunnar Staalesen til ei tankerangling på Bjørnefjorden Gjestetun.

- Programmet vi no presenterar er eit resultat av samlinga og av eit veldig godt og kjekt samarbeid med Gunnar Staalesen.

- Mellomanna var det Gunnar som foreslo at vi måtte få med Jørn Lier Horst, fortel Sirevåg.

Reise inn i krimmen

Lier Horst som fekk bokhandlarprisen for "Vinterstengt" i fjor slepp i dag "Jakthundene", den åttande boka i kriminalserien om politimannen William Wisting.

- Betre kunne vi ikkje treft, smilar Sirevåg.

Programmet på festivalen er grovt sagt delt inn i tre tema; krim, barne- og ungdomslitteratur og lyrikk.

- I krimsesjonen skal mellomanna Gunnar Staalesen, Jørn Lier Horst og Ingrid Berglund ta oss med inn i kriminalromanane si verd i ein paneldebatt/-diskusjon kor vi håpar publikum blir aktive deltakarar med spørsmål og kommentarar.

- Også dei andre områda vil ha tilsvarande sesjonar, forklarar festivalsjefen.

Forfattarane i høgsetet

I tillegg til bokbada og paneldebattane er arrangørane opptekne av å løfta fram forfattarane og gje dei plass.

- Vi har vald å ikkje gjera som mange andre litteraturfestivalar kor ein hentar inn ein haug med forfattarar.

- Hos oss skal forfattarane få god plass og bli løfta fram slik at det blir ei god oppleving både for dei og publikum.

Sirevåg lovar både opplesing og presentasjon av forfattarane sin eigen litteratur i tillegg til gruppearrangementa.

- Les dykk opp

..er den klare oppfordringa frå festivalsjefen. Saman med Os folkebibliotek vil dei i tida fram mot festivalen gje publikum moglegheiten til å bli betre kjend med forfattarane som kjem.

- Vi håpar på ein festival kor publikum deltek.

- Difor har vi eit godt samarbeid med bibliotektet som promoterar festivalen og som har funne fram bøkene til forfattarane slik at folk får moglegheiten til å lesa seg opp.

- Du veit i litteraturen skaper du dine egne bilete når du les. No kan du få skapa desse og så høyra om forfattarane har hatt dei same bileta i hovudet når dei skreiv.

To konsertar

Sjølv om det er bøkene og litteraturen som står i høgsetet for festivalen har dei funne rom for musikalsk underhaldning i tillegg.

- Fredagen møter Gunnar Staalesen sitt Vargtime Frode Grytten sitt Beat Band til konsert.

- Laurdagen blir det festivalshow og konsert med Orbo & The Longshots, avsluttar Frode Sirevåg.

Desse forfattarane kjem: Gunnar Staalesen, Jørn Lier Horst, Ingrid Berglund, Frode Grytten, Bente Bratlund, Kristian A. Bjørkelo, Tore Kvæven, Kristine Tofte, Tor Arve Røssland og Hans Sande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.