midtsiden

Litt etter skjema

Første del av arbeidet med Osbrua skal stå ferdig til 17. mai. No legg entreprenørane på med ekstra ressursar for å nå målet.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Vi er litt etter skjema, men Vedlikehold-Service Drammen AS set på litt ekstra arbeidskraft, seier prosjektleiar hos Statens vegvesen, Terje Myking.

I går var han på møte med leiinga i entreprenørselskapet Vedlikehold-Service Drammen, som utfører arbeidet.

Fase A
Arbeidet med brua er delt i to hovudfasar, der fase A, som inneheld arbeid på sjøsida, skal vera ferdig til nasjonaldagsfeiringa.

- Her blir fortauet utvida med 2 meter slik at brutto breidde blir 3 meter, fortel Myking.

I tillegg kjem eit parti med yttarlegare 2 meter utviding, i ein fin boge om lag midt på brua.

Smalare kjørebane
Entreprenørane på brua prøver å unngå dirigering og stenging i den travlaste tida, mellom 7 og 9 om morgonen og mellom 14.30 og 17 om ettermiddagen.

- Onsdag kom midlertidig fysisk sperring på plass mellom vegen og fortauet dei no arbeider med. Kjørebanen blei smalare, men er framleis brei nok for to personbilar.

- Men større bilar bør ta det litt med ro når dei nærmar seg brua, legg prosjektleiaren til.

Fleire saker