Lokal | 08. mai 2019

– Litt for god rekkevidde på russen

Festa i Sigurdsvika, fekk klage frå Kuhnle.

– Litt for god rekkevidde på russen
Russen i Os bruker Sigurdsvika som samlingsplass. Lyden går av og til eit godt stykke av garde. (Foto/kart: Kjetil Vasby Bruarøy/kartios.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mai 2019 08:28

I går var det liv i russen igjen, etter Landstreff Stavanger i helga, og Os-russen samla seg i Sigurdsvika ved Ulvenvatnet.

– Vi fekk ein klage på høg musikk i løpet av kvelden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Klagen kom klokka 23.50. Politiet har jamn dialog med russen, men utførte ingen tiltak i går.

– Vi tar ein telefon til ein av russepresidentane i dag, fortel Lyssand.

– Kor tid på kvelden bør russen dempa seg?

– Eg tenkjer at vi må tola litt lyd akkurat desse vekene her, men det som var litt spesielt i går var at klagen kom frå Kuhnlevegen, altså eit godt stykke unna.

– Vi har forstått det sånn at ein av årets russebilar er utstyrt med eit spesielt godt lydanlegg, kanskje akkurat denne bilen bør dempa seg litt tidlegare enn dei andre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.