Lokal | 23. aug. 2012
Litt rart vêr
... men no skal det snu og bli sol!
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. aug. 2012 11:53
Etter lyn, torden, enorme nedbørsmengder og flaum onsdag fekk vi regn og sol på same tid torsdag.
Men kjem det meir uvêr i Os?
Ikkje med det første, snarare tvert imot, meiner både Yr og Storm.
Yr melder lettskya vêr og 15 til 17 varmegradar fredag til søndag, og skyfri himmel måndag.
Storm melder 0,7 mm og delvis skya fredag, overskya og 0,1 mm laurdag, lettskya og opphaldsvêr søndag og skyfri himmel måndag.
Begge meiner det skal koma lite vind fredag og laurdag 1-2 m/s, men 7-11 m/s søndag. Måndag blir det meir stille, rundt 5 m/s.