Lokal | 14. aug. 2018

– Litt uheldig at det blei ståande sånn

Arbeidet med gangfelta mellom Torggata og Esso blir no tatt opp igjen.

– Litt uheldig at det blei ståande sånn
Overgangane mellom hamna og sentrum fekk ikkje asfalt før ferien. Torsdag kveld startar arbeidet igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. aug. 2018 10:00

På hausten i 2017 sendte Os kommune brev til Statens vegvesen etter at blant andre Os eldreråd hadde påpeikt skadar på gangfelta mellom Torggata i sentrumskjerna over Hatvikvegen (fv 552) mot gjestebrygga og Essostasjonen.

I april fortalte vegvesenet kvifor det drøya med å utføra jobben, i midten av juli starta arbeidet.

Etter ein periode med graving og grusing var det stopp, og dei siste vekene har dei grusa gangfelta og delvis oppgravde fortaua gjort området noko krevjande for både mjuke og harde trafikantar.

– Ikkje heilt etter planen

I utgangspunktet skulle arbeidet i sentrum bli tatt parallelt med asfaltering av ny gang- og sykkelveg langs eit stykke av Hegglandsdalsvegen (fv 137). Då denne blei utsett fekk drift- og vedlikehaldsavdelinga i vegvesenet spørsmål om dei kunne ta desse gangfelta i sentrum. Det sa dei ja til.

– Vi kasta oss over jobben, å ta graving i ferien, når trafikken er lågare, er gunstig. Vi hadde ambisjonar om å få på eit dekke med asfalt før vi tok ferie, men asfaltverka var stengte på den tida, så der bomma vi.

– Eg ser at det er uheldig at det har blitt ståande som det har gjort desse vekene, seier Morten Solholm frå drift og vedlikehald hos Statens vegvesen.

Startar opp igjen på torsdag

På spørsmål om vidare framdrift, fortel Solholm at arbeidet tar til igjen førstkomande torsdag, klokka 21 om kvelden

– Då vil vi få asfaltert dei tre kryssingspunkta.

– I neste veke, tysdag og onsdag, vil vi fresa det aktuelle strekket frå rundkøyringa til brua. Dersom det ikke blir store mengder nedbør vil vegen med ny fartsdump bli asfaltere samme uke.

Nye gangfelt blir opphøgde, men med asfaltdekke, ikkje brustein, slik det var tidlegare. Gangveger som er berørte av tiltaket blir òg asfalterte.

Etter asfaltering blir det vegmerking og montering av gatelys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.