Litt vinter
Onsdag var det snø på Møsnuken, i dag var det is på bilane i Os. Her er varmaste, kaldaste og våtaste siste 30 døgn, og vêrmelding for dei neste 10 dagane.


Klarvêr og kulde har lagt over Os dei siste morgonane. Osen stig frå Oselvo, lufta er kvass, onsdag var det snø på toppen av Møsnuken og fredag morgon var det is på bilane i Os.
Men smaken av vinter blir i denne omgang kortvarig, laurdag er det meldt 8 varmegradar, 15 mm nebør og frisk bris, sundag like varmt, men delvis skya og berre 2,5 mm nedbør.
SJÅ 10-DAGARSVARSEL FOR OSØYRØ
• Snittemperaturen siste 30 døgn var 11,7 gradar, 1,2 gradar over normalen.
• Høgaste temperatur var 18,7 gradar (14. september)
• Lågaste var 2,0 grader (1. oktober).
• Samla nedbør var 277,4 mm.
• Mest nedbør på eitt døgn var 38,9 mm (28. september).
• Høgaste vindhastighet var 15,2 m/s (8. september).
Til no i år har alle månadane utanom april, juni og juli hatt meir nedbør enn normalen. September har hatt mest nedbør, med 276,6 mm slo den august på 2. plass med 195,8 mm.
Temperaturen har berre lagt under normalen ein periode i midten av februar og i starten av juni.