Dei seks canadiarane som redda livet i Os og Samnanger i 1944. Pilot George Deeth nede til venstre. (Foto: George Deeth)

70 år sidan naudlandinga på Haugland

Seks canadiarar blei hausten 1944 redda av motstandsfolk og heldt skjult i Botnahytta. No vil etterkomarar restaurera hytta.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag 26. september var det 70 år sidan eit Wellington bombefly med seks canadiarar måtte naudlanda på Haugland i Os. Dei var på tokt for å bomba tyske ubåtar, og var på veg til Shetland då dei opplevde brann i ein motor som førte til naudlanding der dei kappa tretoppar og gjekk i bakken med eit smell.

Mange såg flyet landa, men motstandsfolk i Os kom Gestapo i forkjøpet og hjelpte canadiarane vekk før dei tyske okkupantane fekk tak i dei.

«The spectacular escape of Canadian airmen from German-occupied Norway», skriv den norske ambassaden i Canada i ein artikkel om hendinga publisert på ambassaden sine heimesider fredag.

Etter nokre døgn på flukt rundt i Os blei dei seks, som kom uskadd frå møtet med bakken, tatt opp i fjellet mellom Øvredal i Os og Rolvsvåg i Samnanger. Ei laftehytte ved Botnavatnet blei redninga, ein effektiv skjulestad fram til dei seks utlendingane to veker seinare blei frakta ut fjorden til Ospøya nordaust i Austevoll med Snøgg, der Shetlands-Larsen tok dei med til fridomen.

Barnebarn frå Canada besøkte Botnahytta

I april i år var ein av etterkomar, Heather Deeth, på besøk i Noreg, på Haugland i Os og i hytta «Little Canada» i Samnanger. Ho er barnebarn av andrepiloten om bord i bombeflyet, George Deeth, og ho og mannen fekk omvising i Os av Arnfinn Haga og Bjarne Øvredal.

Arnfinn viste dei rundt og orienterte på Baggane der flyet landa, og Bjarne, son til ein av motstandsfolka som hjelpte canadiarane, følgde dei til hytta.

– Eg tenker på bestefar som klarte å overleva naudlandinga, men eg gret også fordi eg er takksam for at det finst menneske her som held liv i denne gamle historia, sa Heather til Bergens Tidende, som følgte besøket i Os i vår.

Les reportasjen og sjå video av reaksjonane då Heather og ektemannen Jordan besøkte hytta som redda livet til bestefaren.

Heather hadde eit nært og godt forhold til bestefaren, som døydde då ho var 13 år gamal. Bestemora lever enno.

Ti mann på åtte kvadrat

Bjarne Øvredal fortel at han har vakse opp med å høyra om denne historia. Onkelen hans bygde hytta i 1941-1942 og faren til Bjarne, Haldor Øvredal, var ein av fleire som budde med canadiarane i hytta dei to vekene før flukta gjekk vidare til Shetland.

– Enkelte netter budde det ti menneske i den åtte kvadratmeter store hytta. Far kunne ikkje eit ord engelsk, men fekk likevel god kontakt med flygarane og møtte dei fleire gongar både her og i Canada etter krigen.

Ønskjer å restaurera hytta

Den 72 år gamle hytta er ikkje i same stand som på 40-talet. Men hytta betyr tydelegvis framleis mykje for etterkomarar i Noreg og Canada.

– I 2013 blei Botnahytta tatt med i Samnanger kommune sin kulturminneplan som eit krigsminnesmerke.

– Eg og fetteren min, eigaren av hytta Finn Øvredal, har lenge tenkt at hytta bør restaurerast. Det at Samnanger kommune tok hytta med i kulturminneplanen sin gav oss ny inspirasjon, fortel Bjarne.

Bjarne eig ein del skog på nabogarden til Solbjørg, der hytta står, og kan levera tømmer til restaureringa, som skal gjerast av fagfolk.

– No er vi i forhandlingar med grunneigar for å få på plass ein langsiktig avtale for hytta og tomta hytta står på. Når det formelle er på plass gjenstår naturlegvis eit godt stykke arbeid med å få på plass  finansiering av restaureringa av hytta og ein god porsjon med dugnadsinnsats.

– Vi ser for oss at hytta blir overført til ei stifting etter restaurering og gjennoppbygning, seier Bjarne Øvredal.

I Arnfinn Haga si bok Nødlanding (2010) kan du lesa meir om dei dramatiske dagane i Os og Samnanger hausten 1944.

Fleire saker