Nytt styre, færre idrettar og nytt tilskot til utvikling av anlegget er blant det som kom ut av årsmøtet til Os Turn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Livleg årsmøte i Os Turnforening

Alle går i pluss, men éin idrett legg ned, ein annan vil ut for å starta eigen klubb.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag var det årsmøte i Os Turnforening. Det 114 år gamle idrettslaget har 1.416 medlemmar innan fotball, handball, friidrett, turn, amerikansk fotball og cheerleading.

– Dei siste åra har vi vore styret åleine på desse årsmøta, men i går møtte 33, og det synest vi var hyggeleg, seier Rune Rosland.

– Enkelte saker engasjerte tydelegvis ekstra i år.

Han siktar til handballen sitt ønskje om å bryta ut av Os Turn for å starta eigen klubb.

– Det blei gjeve ei orientering om årsak og utfordringar før det gjekk til votering. 2/3 stemte for at dei kunne halda fram prosessen med å melda seg ut. Dei har framleis nokre trinn igjen, så det er ikkje avgjort.

Parnefält tilbake på Kuventræ

Rosland har sete i hovudstyret sidan 2012, først som leiar, seinare som nestleiar. I går fekk han avlasting og kunne tre av.

Hans Parnefält, som var tilsett som dagleg leiar frå 2013 til 2015, er nyvalt styreleiar.

Med seg i styret får han leiarane for dei ulike undergruppene, Leiv Gunnar Heggland (fotball), Rebecca Lerch-Dahl (handball), Svein Hausberg (friidrett), June Morfjord (turn) og Lena Stigen (cheerleading).

Slutt for amerikansk fotball

Os Wolverines, som blei etablert i 2009 og spelte første seriekamp i amerikansk fotball på Kuventræ i 2010, er ikkje aktiv lenger.

– Det har vore stille på Kuventræ frå denne gjengen dei siste åra, seier Rosvold.

Det blei vedtatt å legga ned denne undergruppa.

Osingane som speler amerikansk fotball driv i Åsane Seahawks (nokre av dei spelte NM-finale på Bislett i fjor). Initiativtakar og første instruktør, Christian Detjen, fekk lov å vederlagsfritt ta med seg utstyret til Åsane, der han sjølv har gått ned frå å trena senior til ungdomane i Åsane.

Os Cheerleading kom med øsnke om å bli innlemma i turngruppa.

– Det blei ikkje aktuelt i denne runden, men styret vil sjå på korleis dei organisatorisk kan samarbeida og gjera administrasjonen av gruppene enklare, seier Rosvold.

Vil vidareutvikla anlegget

Ei siste sak var vidareutvikling av anlegget, særleg med tanke på tribune, klubbhus og garderobar.

– Der har det av ulike årsaker stått litt stille dei siste åra. Fotballen ønskjer betre tribune- og garderobefasilitetar, friidrett ønskjer blant anna ein løpebane under tak.

– Årsmøtet gav ei ramme på inntil 150.000 kroner til eit forprosjekt som kan få fart i arbeidet med planlegging av det vidare arbeidet med utvikling av anlegget, fortel Rosvold.

Fleire saker

  • Det vart høne i år òg ...

    19. april 2019

    Trass i lite snø vart det påskehøne - for niande året på rad - for familien Holdhus/ Vevle.

  • Påskeprat med Tove

    19. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

  • Maritas verd

    19. april 2019

    Marita Moe Sandven vart saman med Ole Amund Gjersvik headhunta til å spela under Festillene i Bergen - det er berre eitt av fleire prosjekt ho...

  • Undersøkte ulykkesstaden i natt

    19. april 2019

    Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

  • MC-ulykke i Industrivegen

    18. april 2019

    OPPDATERT: Motorsyklist henta av luftambulanse - skal ha køyrt inn i lyktestolpe.

  • Påskeprat med Eirik

    18. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Eirik Søfteland

  • Møkka tok straumen til 700

    18. april 2019

    Ein uheldig bonde på Bø kortslutta straumnettet - brannvesenet rykte ut og tok seg av vaskinga.

  • 700 utan straum i Os

    18. april 2019

    OPPDATERT: Klokka 12.30: Straumen tilbake for dei fleste - 57 kundar framleis utan straum. BKK melder om «driftsforstyrrelse»