Næringsliv | 25. juni 2009

Livleg start

Det var folksamt på Osøyro torsdag. Her er bilde frå første marknadsdag.

Livleg start
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2009 23:03

Bildeserie:

1 av 6

Torsdag starta Marknadsdagane på Os, i godt over 20 varmegradar og med fleire nye utstillarar på plass.

Kenneth Storum frå Instant Storum Stillaser AS har opna butikk og opplæringssenter i Kolskogen, og har nyleg fått mc med fire hjul i utvalet.

- Vi har ulike storleikar ATV. Dei er kjekke som leiketøy, men kan også brukast som verktøy, som mykje anna av det vi sel, seier Kenneth.

Opne osingar
På plass med stand er også David Cutheral frå dcdesign.no, "the art of recycling". Han lagar brukskunst av det andre kallar skrot. Slitte dekk og øydelagte syklar blir fargerike blomsterpotter eller stilige skulpturar når Dave får dei mellom fingrane.

- Det er mykje folk her på Os, og dei er veldig opne og interesserte. Eg har allereie selt litt, sa Dave til midtsiden.no ein time etter opning av marknaden.

Bakgard blei "framgard"
Nye Telthusplassen skal ha offisiell opning først laurdag, men i dag var gjerda som heldt publikum unna byggeplassen fjerna, og både publikum og Os barnehage var på inspeksjon av den idylliske nye plassen ved Baronselvo.

Matchande lampar er på plass, både på land og i elva, og langs kanten ned mot trappa er det planta tre.

Varm stemning
Sjølv om mange sikkert hoppar båten desse varme dagane, såg både talet på utstillarar og mengda med besøkande torsdag ut til å vera uvanleg høgt.

Skulptursymposie, kunstutstillingar, jazz- og bluesfestival og marknadsdagane kjem saman til å skapa ei helg med yrande liv i Os!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.