Lokal | 28. feb. 2011
Lo av politiet
Svana var kjekk i stilen og lokka politiet i gåsegang i rundkjøringa på Halhjem.


Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. feb. 2011 21:58
Svanene som dei siste vintrane har halde til på sjø og vatn rundt Os har vore velkomne gjestar. Heilt til i dag.
Måndag i 14-tida fekk nemleg politiet melding om ei svane som var til fare for både seg sjølv og ande, der den vandra rundt på og langs E39 Halhjemsvegen.
- Vi rykte ut saman med veterinær for å få fuglen vekk frå vegen, fortel politibetjent Christine Grindheim.
På nokre av bilda som Anders Fløysand hos Varde Media knipsa i dag, ser det ut som om svana bryska seg mot damene i uniform.
- Svana hadde roen i starten, men vi fekk den heldigvis på vengjene til slutt, ler Grindheim.